Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak fortel i si innstilling til budsjett at Møre og Romsdal nok ein gong er i ein dramatisk økonomisk situasjon. Me har landets høgaste lånegjeld per innbyggjar, og i framlegget blir det varsla nok ei runde med innsparingstiltak.  Kva vil råd Utdanningsforbundet gje dei folkevalde i ein slik situasjon? Jau, bruk meir pengar på opplæring, og invester i utdanningssektoren! Berre slik kan me nemleg snu den negative utviklinga!

Varsellampene blinkar ikkje berre grunna den økonomiske stoda. Endå dystrare blir bildet når ein ser Statistisk Sentralbyrå sine framskrivingar om befolkningsutviklinga i fylket. Ti år fram i tid vil folketalet i alle aldersgrupper under 66 år vere lågare enn i dag. Dette må sjåast i samanheng med at eit mindretal av dei som flyttar ut av fylket for å studere vel å kome tilbake. Allereie no har me den lågaste delen sysselsette med høgare utdanning i landet. Dette er dramatisk av fleire grunnar. Ikkje minst er utdanningsnivå og tilgangen på kompetent arbeidskraft viktig for å møta behova til næringslivet i fylket.

Spørsmålet er: Korleis skal me snu denne trenden? Korleis skal Møre og Romsdal bli eit meir attraktivt fylke å busetje seg i for dagens 16-åringar etter ferdig utdanning? Kva skal til for å lokke småbarnsforeldre og «gode skattebetalarar» tilbake til heimfylket? Først og fremst trengst det eit godt og framtidsretta tilbod gjennom heile opplæringsløpet, frå barnehage til vidaregåande, både i byane og i distriktet. Og på eitt område skal fylkespolitikarane ha ros: Dei har valt å oppretthalde dagens tilbodsstruktur innan vidaregåande opplæring. Våre folkevalde har med andre ord forplikta seg til å ikkje legge ned nokon vidaregåande skular.

Politikarane skal likevel vakte seg vel for å gjennomføre innsparingstiltak ved å svekke rammevilkåra for å drive god undervisning i desse skulane. For dette – sjølve kvaliteten på opplæringa – er nemleg vel så viktig som talet på skular. Det vil seie: Lærarane må få tid og rom til å gje elevane den oppfølginga dei fortener, og som dei ifølgje lova har krav på. Då må slitne skulebygg rustast opp, skuleleiarane må ha romslege nok budsjett til å kjøpe inn oppdaterte læremiddel, og – ikkje minst – det må tilsetjast nok lærarar, slik at det er mogleg å tilby alle elevane ein trygg, god og fagleg relevant skulekvardag.

Som hovudtillitsvalt i Utdanningsforbundet blir eg bekymra når eg les at fylkeskommunedirektøren i innstillinga til økonomiplanen for 2024-27 foreslår å kutte både i drift og investering i kompetanse- og næringsområdet. Og så blir eg forundra over at det i same periode skal vere eit definert resultatmål for utdanningssektoren å «auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring». Allereie no kjem situasjonsrapportar frå lokale tillitsvalde som mellom anna fortel om overfylte klasserom, der t.d. éin lærar aleine skal ha ansvar for ei svært samansett elevgruppe, med mange elevar som har vanskar med å følgje ordinære opplegg grunna språkutfordringar, åtferdsproblematikk m.m. Heng det verkeleg på greip at lærarane skal få endå tøffare arbeidsvilkår – og på same tid få ei klar bestilling om endå betre resultat?

Forutan budsjett skal fylkespolitikarane før jul også vedta ein «kompetansestrategi». I denne blir det skissert eit bilde av utfordringar og løysingsforslag knytt til framtida for arbeidsmarknaden og næringslivet i regionen. Her er administrasjonen klar i sin tale: fylkeskommunen må legge til rette for attraktive utdanningsløp, tilpassa behovet i arbeids- og næringslivet. Me i Utdanningsforbundet er heilt einige: Dette er viktig! Men kvaliteten på eitkvart utdanningsløp står og fell på om dei blir utøve av engasjerte og kompetente lærarar. Vil fylkeskommunen så vere ein attraktiv arbeidsgjevar for noverande og framtidige lærarar? Vel, då bør openbert drift og innhald i dei vidaregåande skulane ikkje vere prega av dei mange negative effektane av innsparingspolitikken. Og då må det vere ein klar samanheng mellom høge ambisjonar og ei vilje til å satse på opplæringssektoren her i fylket!

Kort sagt: Å iverksette ytterlegare innsparingstiltak i utdanningssektoren i Møre og Romsdal vil vere eit bomskot – eventuelt eit sjølvskot – både utdanningspolitisk, demografisk og økonomisk sett!

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal