Opprusting av grusveg og oppfølging av trafikktryggingsplana

Samferdsel og trygg trafikk er eit viktig saksområde for Aukra KrF. Vi må iverksette det vi har vedteke i Trafikktryggingsplana som gjelde frå 2019 – 2022. Ei plan som forøvrig er moden for revidering. Aukra KrF ønskjer å ha fokus på og følgje opp fleire trafikktryggingstiltak i Aukra kommune. Eit av desse trafikktryggingstiltaka er å få rusta opp vegen mellom Hauglandskrysset og flyplassen. Denne strekninga er den siste kommunale grusvegen i Aukra kommune. Vegen tilfredstiller ikkje krava til vegoppbygging for å kunne asfalterast og det er heller ikkje gjort tiltak for å få vekk vatn frå vegelementet. I periodar med mykje nedbør og i teleløysinga er vegen i svært dårleg forfatning. KrF ønskjer å prioritere å få rusta opp denne vegen.

Samfunnstryggleik er eit gjennomgåande perspektiv i den nye kommuneplan «Aukra 2030». Dette er konkretisert i plana ved ei målsetting om at «Aukra kommune i all fysisk planlegging og tilrettlegging skal legge vekt på å forebygge uhell, ulykker og naturbaserte uønskte hendingar». Vidare seier plana at «trygge skulevegar skal gjennom tiltak i trafikktryggingsplanen bidra til at kommunen skal opplevast som attraktiv

Aukra kommune har ei viktig rolle i trafikktryggingsarbeidet. Dette ikkje minst med tanke på at kommunen er eigar og drivar av barnehagar og skolar. Det overordna målet for Aukra kommune er «Ingen drepne eller alvorleg skadde i trafikken i Aukra.»

Vidare utbygging av gang -og sykkelvegar. Når Trafikktryggingsplana skal reviderast vil Aukra KrF har fokus på vidare utbygging av gang – og sykkelvegar. Her kan nevnast strekninga frå krysset opp til flyplassen og ut mot Rindarøya. Ei strekning som faktisk har 80 km fartssone, men ikkje nokon gang- og sykkelveg. Vi ønskjer også å ta opp igjen initiativet om å få laga gang -og sykkelveg fra Eidskrem til Mordal. Dette i samarbeid med Molde kommune. I ei tid med fokus på miljø og bærekraft må vi legge til rette for at syklistar trygt kan sykle frå Aukra kommune til Molde kommune og motsatt.

Stø kurs i arbeidet med fastlandsforbindelse. Å halde stø kurs i arbeidet med fastlandssamband blir og sjølvsagt ei sentral oppgave for KrF. Vi vil også jobbe for at vegen til Nyhamna blir omklasifisert til riksveg. Fastlandssamband og dermed betre kommunikasjon vil opne opp for ein større bu- og arbeidsmarknad. Dette vil bety mykje for folket i kommunen, for næringslivet og for ungdom som vurderer å flytte tilbake til kommunen.

Jan Magne Breivik

3.kandidat for Aukra KrF

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal