Er det eit rykte som Molde vil ha hengande på seg i all framtid? Er det eit slikt stempel vi skal sette på kommunaldirektøren, ordføraren og Molde-politikarane?

Torsdag skal kommunestyret avgjere om Midsund skal halde folkerøysting om å gå ut av Molde. Kommunedirektøren seier nei i si innstilling.

Etter at Helge Orten og Høgre måtte gje frå seg ordførarklubba til Einar Øien (FrP) i 2011, og Odd Helge Gangstad (Sp) fekk ho i 2015, hadde Midsund kommune to ordførarar som begge var sterke motstandarar av kommunesamanslåing.

No sit Gangstad og Sp i spann med Torgeir Dahl og Høgre, og midsundingane er fanga av eit udemokratisk sinnelag som ikkje vil det beste for Midsund.

Det var ikkje meir enn 23 prosent som stemte for samanslåing med Molde under folkerøystinga i Midsund 25. april 2016.

Diverre var røystesetlane i 2016 rigga slik at midsundingane ikkje hadde høve til å vise om dei heilt enkelt ville ha kommunesamanslåing eller ikkje.

I ein rapport frå 2017 utarbeid av Institutt for samfunnsforskning, om gjennomføringa av folkerøystingar, var Midsund ein av kommunane som måtte tåle kritikk. Ikkje overraskande var grunnen at alternativet «Nei til samanslåing» ikkje var med.

Dagen etter folkerøystinga i Midsund kom Molde-ordførar Torgeir Dahl med sitt press. Han tolka valresultatet i Midsund som eit stort ja til den storkommunen som han ønskte seg, og til slutt fekk. Dahl las valet som fanden les bibelen.

Historia fortel vidare om intensjonsavtalen mellom berre Midsund og Molde. Før andre kommunar nådde til, skulle Midsund få 20 millionar i reformstønad alt i 2017. Avtalen fortalte om 100 nye millionar fram til 2024.

Det var etter det at tidlegare ordførar Einar Øien (FrP), saman med Sp og Ap i Midsund, skreiv i RB: «La Midsund halde fram som eigen kommune!»

Innbyggjargranskinga sommaren 2016 viste omlag same resultatet som folkerøystinga. Berre 28 prosent av midsundingane ville vere med Molde.

Likevel landa eit fleirtal i Midsund kommunestyre på at dei ville slå kommunen sin saman med Molde. Det var ikkje å ta folkemeininga på alvor. Det var udemokratisk.

Innbyggjarinitiativet frå desember i fjor er lovleg etter kommuneloven. Det kan kven som helst slutte seg til. Det skal kommunen følgje opp berre minst 2 %, eller 300 av innbyggjarane, i kommunen skriv under.

Det er ikkje det same som at alle dei 372 som skreiv under for Midsund går inn for lausriving. Dei går berre inn for ein demokratisk prosess kor alle i Midsund skal få seie meininga si.

På same viset er det når nokon samlar inn underskrifter for at eit politisk parti skal få stille til val. Underskrivarane vil først og fremst demokrati. Valet er ein annan prosess.

Viss Molde-politikarane og kommunestyret i Molde torsdag avviser innbyggjarinitiativet frå Midsund, så er det udemokratisk. Då vil tvilen gnage i all framtid. Då veit ingen kva midsundingane ville ha landa på i ei folkerøysting, og det kjem til å hefte ved Molde.

Viss det viser seg at fleirtalet av midsundingane vil ha tilbake Midsund kommune, så må dei få det. Om Midsund seinare vil slå seg saman med heilt andre kommunar enn Molde, så er det deira sak. Det er heller ikkje Molde si sak.

La midsundingane sjølve få avgjere kva dei vil med Midsund!

TERJE ALBREGTSEN

ikkje midsunding, ikkje moldensar – vesteråling i Nordbyen –

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal