Eg kjem på dette når nyheita om ståa på omsorgsboligane i Hustadvika kjem opp. Dette er eit nasjonalt problem. Avisen Fædrelandsvennen i Kristiansand får honnør for å skildre forholda for beboarar i kommunale boligar i Kristiansand. Der fikk SV kommunestyret til å løyve 2 millionar ekstra til vedlikehald.

Helse Møre og Romsdal sitt manglande vedlikehald av sine personalboliger er kanskje det verste eksemplet på offentleg sløsing her i fylket. I Molde kommune er det og skrikande behov og eg er blitt kontakta av privatpersonar som har hjulpet leietakarar med enkle reparasjonar for å hindre hol i veggen mellom bad og kjøkken.

Folk flest og vi politikarar treng å bli informert meir om tilhøva i den sosiale boligpolitikken. Eg ber media skrive, om ikkje like mykje, så i alle fall bruke litt meir av ressursane på denne delen av eiendoms- og boligjournalistikken.

Vedlikehald lønner seg. Det så vi ikkje minst i saken om Vistdal omsorgsboliger. Og i det minste må pris og standard henge i hop. Når husleia di går opp og standarden går ned er det ikkje lenger ein verdig sosial boligpolitikk.

Sjekk kor mykje pengar kommunen din brukar på vedlikehald per leiligheit dei eier. Så langt eg veit varierar dette frå 2 til 30 tusen per leiligheit i året over heile landet.

SV vil fortsette det gode arbeidet med frå leie til eie der folk kan få hjelp til å kjøpe boligen dei leier. Her gjøres det mykje bra arbeid for tida. Vi vil konkret foreslå meir pengar brukt til vedlikehald der vi sit rundt omkring i kommunestyra  og i fylkestinget i Møre og Romsdal.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal