Aktiviteten som foregår i skulane skal sjølvsagt vere forankra i læreplanen og opplæringslova, og det kan vere nyttig for fleire enn lærarane å tenkje gjennom kva føringar som eigentleg ligg her. Læreplanen sin overordna del legg i stor grad vekt på at skulen er ein arena som skal vere med på å utvikle heile mennesket – ikkje berre lære elevar å lese og rekne. I formålsparagrafen heiter det til dømes at:

Elevane og lærlingane skal utvikle kunnskap, dugleik og holdningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet.(Opplæringslova § 1-1).

Dette kan kanskje verke som eit stort mål for elevar i grunnskulen, men det seier noko viktig om kva som er målet med skulegangen: Ja, elevane skal lære seg fagkunnskap, men dei skal også lære seg å ta styring i eigne liv, og å forhalde seg til samfunnet rundt seg på ein god måte. Dette er også løfta svært høgt i læreplanen, Kunnskapsløftet 2020, der Folkehelse og livsmestring no er eitt av tre tverrfaglege tema:

Folkehelse og livsmestring som tverrfaglig tema i skolen skal gi elevene kompetanse som fremmer god psykisk og fysisk helse, og som gir muligheter til å ta ansvarlige livsvalg. I barne- og ungdomsårene er utvikling av et positivt selvbilde og en trygg identitet særlig avgjørende. Et samfunn som legger til rette for gode helsevalg hos den enkelte, har stor betydning for folkehelsen. (Kunnskapsdepartementet, 2017)

Folkehelse og livsmeistring er altså eit tema som skal trekkjast inn i alle delar av skulegangen, og det seier også noko om kva vi bør tilretteleggje for i for- og etterkant av skuledagen. Dersom vi verkeleg ønskjer å bidra til folkehelse, så må vi som samfunn legge til rette for fysisk aktivitet utover dei tilmålte minutta i skulekvardagen. Barn bør ha moglegheit til å gå eller sykle til og frå skulen: Det vil både bidra til fysisk aktivitet kvar dag, men ikkje minst vil det leggje grunnlaget for gode vanar, fordi det å gå og sykle vert eit naturleg val for elevane.

Livsmeistring handlar om å kunne takle små og store utfordringar i kvardagen, noko som også vil gjere elevane betre rusta til å takle meir krevande livssituasjonar. For å bidra til livsmeistring er det avgjerande at elevane får moglegheit til å bygge sjølvtillit og tiltru til eigne evner i eit trygt og godt miljø. Det handlar mellom anna om å gi elevane moglegheit til meistring på mange ulike felt, utifrå eigen alder og ferdigheiter. For elevar på barne- og mellomtrinnet er det å bli gradvis meir sjølvstendig, og kunne ta ansvar i eigen kvardag viktig. Skulen si plassering spelar faktisk ei stor rolle for kva moglegheiter elevane får til å utvikle sjølvstendigheit og livsmeistring i kvardagen. Dersom vi konkretiserer dette litt, så kan det sjå slik ut:

Ein elev som i dag går i småskulen på Bolsøya skole går eller syklar til skulen kvar dag. Eleven har faste tidspunkt der eleven sjølv skal gå heim frå SFO, og kan nokre dagar låse seg inn heime sjølv.

Gjennom å gå til og frå skulen vil eleven mellom anna få øvd på å halde avtalar og tidspunkt, og å forhalde seg til trafikkreglar. Eleven vil også få eit større ansvar når det kjem til å ta med seg sakene sine til og frå skulen, noko som bidreg til ei tru på at ein kan ta vare på seg sjølv. Skal eleven i tillegg låse seg inn heime, så inneber det ansvar for nøkkel og låsing, og at ein får tillit til å vere heime åleine. Alt dette er med på å bygge meistringsopplevingar og sjølvstendigheit for eleven. For denne eleven vil truleg kvardagen bli ganske annleis dersom skulen ikkje lenger er i gang- og sykkelavstand. Dei færraste foreldre vil la ein førsteklassing ta skuleskyss heim til eit tomt hus kl 12.45, og då blir alternativet at barnet skal vere på SFO til arbeidsdagen er ferdig. Dermed forsvinn moglegheita til mykje god sjølvstendigheitstrening og fysisk aktivitet. I staden for å pakke sakene sine sjølv og deretter gå heim, så vil eleven i staden berre vente på å bli henta av foreldra og frakta heim i bil. På ein liten nærskule som Bolsøya skole, så vil dette eksempelet gjelde mange av elevane på dei lavare klassetrinna. Dette er elevar som i dag opplever stor grad av sjølvstendigheit, og som vil miste dette dersom skulen vert lagt ned.

Nærskulen sin funksjon handlar om mykje meir enn berre den læringa som foregår inne i bygget – i dei fleste lokalsamfunnet er skulen ein viktig livsnerve. Men det er også slik at skulen er avhengig av nærmiljøet sitt, fordi læring ikkje foregår i eit vakuum. I Kunnskapsløftet 2020 er bruk av nærmiljøet omtalt i kompetansemåla i så varierte fag som samfunnsfag, norsk, naturfag, matematikk og kroppsøving (Kunnskapsdepartementet, 2019). I nokre kompetansemål er bruken av nærmiljø knytt til at ein ønskjer at elevane skal jobbe praktisk, men i ein del av kompetansemåla skal nærmiljøet brukast fordi det er forventa at eleven allereie har kjennskap til sitt eige nærmiljø. Dermed kan ein byggje vidare på eleven sin kunnskap, og bruke denne som utgangspunkt for vidare læring. I tillegg er skulen ein viktig formidlar av lokalkunnskap og -historie, noko som bidreg til identitetsbygging og kjensle av å tilhøyre eit lokalsamfunn. Sjølv om ein kan gi oppgåver der eleven kan bruke erfaring frå sitt eige nærmiljø, så kan det ikkje erstatte det å faktisk vere til stades i eige nærmiljø. Ein kan heller ikkje forvente at ein lærar har like detaljert kunnskap om fleire ulike lokalsamfunn.

Det er mange gode grunnar til å ta vare på dei små nærskulane vi har i kommunen – og ein del av dei grunnane finn vi faktisk i læreplanverket og opplæringslova. Det er ikkje utan grunn at ein har valgt å vektlegge nærmiljø, folkehelse og livsmeistring i læreplanen, og det bør også ha betydning for korleis vi ser på skulestrukturen vår. Elevar er så mykje meir enn eit tal i skulebruksplanen: Det er desse små menneska som skal overta samfunnet vårt – la oss leggje til rette for så gode erfaringar som mogleg på vegen dit..!

Kjelder:

Kunnskapsdepartementet (2017) Overordnet del – verdier og prinsipper for grunnopplæringen. Fastsatt som forskrift ved kongelig resolusjon. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020.

Kunnskapsdepartementet (2019):

Læreplan for kroppsøving (KRO01‑05).

Læreplan for matematikk 1–10 (MAT01‑05).

Læreplan for naturfag (NAT01‑04).

Læreplan for norsk (NOR01‑06).

Læreplan for samfunnsfag (SAF01‑04).

Fastsatt som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020.

Opplæringslova (1998) Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (LOV-1998-07-17-61) Henta frå: https://www.udir.no/lk20/overordnet-del/formalet-med-opplaringen/

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal