Arne Almås burde vere glad for at eit stort fleirtal i Stortinget har gitt klarsignal for at heile E136 frå Dombås til Ålesund skal byggast ut og at strekninga er prioritert i Nasjonal transportplan. I staden brukar han spalteplass på å vere kritisk til underteikna og andre som forsøker å bidra til framdrift i prosjektet. No er det på tide å samle seg om dei prioriteringane vi har fått gjennomslag for i Nasjonal transportplan og jobbe målretta for å få på plass midlar til oppstart av prosjekta, ikkje å skape meir splid.

Tresfjordbrua og Vågstrandtunnelen ble igangsett av Stoltenberg-regjeringa og fullført under Solberg-regjeringa. Det har lagt til rette for ein sikrare veg og vesentleg innkorta reisetid på E136. I NTP 2018-2029 var prosjekta E136 Brustuglia (krabbefeltet) og E136 Flatmark-Monge-Marstein prioritert, i tillegg til E136 Breivika-Lerstad. Sistnemnte fekk klarsignal til oppstart frå Solberg-regjeringa og skal gjennomførast som ein del av bypakke Ålesund. I tillegg har bompengane på E136 Tresfjordbrua/Vågstrandtunnelen vorte nedbetalt.

I arbeidet med NTP 2022-2033 var det eit klart ønske om ein meir strekningsvis tilnærming til denne type utbyggingsprosjekt. Derfor vart strekninga frå Dombås til Vestens lagt til Nye Veier og definert som ei utbetringsstrekning. Det omfattar sjølvsagt og dei prosjekta som tidligare har vore prioritert på E136 i Romsdalen, samtidig som det inkluderer andre nødvendige utbetringsprosjekt og flaskehalsar på strekninga. Ein viktig føresetnad er sjølvsagt at Nye Veier får tildelt tilstrekkeleg med midlar slik at dei har økonomisk handlingsrom for å komme i gang.

Strekninga frå Vestens til Moa er ei fellesstrekning E136 og E39. I NTP er denne delen av Eksportvegen prioritert som ein del av E39 Ålesund-Molde og det er Statens vegvesen som har ansvaret for utbygginga. Dersom Almås skulle vere i tvil så er vi fullt klar over at E136 fortsett vidare frå Moa mot Ålesund, og vi har altså gitt klarsignal for oppstart av E136 Breivika-Lerstad som ein del av bypakke Ålesund.

NTP 2022-2033 framlagt av regjeringa Solberg innebar eit stort løft for Møre og Romsdal. Aldri har vi fått gjennomslag for så omfattande samferdselsinvesteringar i vår region, både på E39 og E136. Utbygging av desse strekningane krev at både Nye Veier og Statens vegvesen får tilstrekkeleg med midlar til å starte opp og gjennomføre dei planlagde prosjekta. Signala frå regjeringa Støre har so langt ikkje vore særleg positive. Då er det ekstra viktig at vi frå Møre og Romsdal sin side samlar troppane og jobbar saman om å få gjennomført dei prioriterte prosjekta på E136 og E39. Det er sikkert morosamt å vinne kretsmeisterskapet, men det blir ikkje meir veg av det!

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal