Journalsystemet er verktøyet til oss som arbeidar på sjukehus og i primærhelsetenesta. Det er me heilt avhengige av for å drive god pasientbehandling. Om du utstyrer ein handverkar med dårleg verktøy vil ting ta lenger tid, det vil vere lettare å gjere feil og sluttresultatet vert heller ikkje spesielt bra. For èit år sidan fekk kollegaane våre i Helse Midt utdelt nytt verktøy: ein hammar med eit veldig laust skaft. Hammaren var slarkete og farleg for både tilsette og pasientar. Når ein høyrer kva som vart rapportert, kan ein lure på om han hadde skaft i det heile. Etter eitt år er skaftet framleis laust, trass gjentatte tilbakemeldingar til leiinga i Helse Midt og betydeleg merksemd i media. Hammaren kostar snart 6 milliardar og viser seg vanskeleg å reparere. Direktør Slørdahl meiner hammaren fungerer toleleg bra, men kor mykje hamrar han eigentleg?

Me jobbar ikkje med plank og spiker, me jobbar med pasientar. Folk. Foreldre, born, besteforeldre. Å gjere feil kan vere fatalt, i verste fall kan det ende i tragedie. Dessverre er det no fleire alvorlege pasientskadar som ser ut til å vere direkte forårsaka av Helseplattformen (1). Helse Midt vil at me skal ta i bruk eit potensielt pasientskadeleg verktøy, det kan enten me som jobbar innan helse eller pasientane våre akseptere.

Om du utstyrer ein snekker med ein hammar med laust skaft og etterpå skuldar han for brukarfeil, trur eg kanskje han vil slå deg i hovudet med den hammaren. Slik trur eg mange av våre kolleger i Trøndelag føler og har følt det etter innføringa av Helseplattformen. Dei har gjort sitt aller beste, men tilliten til systemet og leiinga er tynnslitt. Grunnen er enkel: pasienttryggleiken er svekka, feil vert ikkje retta og journalsystemet har ikkje den funksjonaliteten ein kan vente seg etter eitt heilt år.

Eg kjenner sjølv fleire kolleger som no vel bort Trondheim og St.Olavs på grunn av Helseplattformen. Helseplattformen er for tungvint og farleg, og unge legar søker seg bort frå det. Eg er veldig glad i Molde, men når våre kolleger ikkje vil arbeide i Trondheim på grunn av Helseplattformen (2), kva då med oss? Om Helseplattformen vert innført her slik den er no, fryktar eg at det kan verte ei stor utfordring for oss her i Helse Møre og Romsdal å få tak i nok og kvalifiserte folk.

Innføringa av Helseplatformen har til no kosta nesten like mykje som det nye sjukehuset som vert bygd på Hjelset. Det er ikkje til å fatte, og til informasjon sommarstenger me heile avdelingar i regionen for å spare pengar (3). Når eg går på jobb i Helse Møre og Romsdal har eg som mål at me skal levere helsetenester i verdsklasse. World class. Då er me avhengige av gode verktøy og nok kvalifiserte folk. Helseplattformen er ikkje eit slik verktøy. Helseplattformen er ikkje framtida, det er det me som er! Om Helseplattformen er framtidas journalsystem, så er det å falle ned frå eit tak ein form for transport.

(Leserinnlegg er basert på appell under fakkeltog utanfor Molde Sjukehus i veka som var)

Kjelder:

1:https://www.nrk.no/trondelag/pasient-ved-st.-olavs-hospital-dode-av-slag_-fylkeslege-kobler-dodsfallet-til-helseplattformen-1.16256179

2:https://www.nrk.no/trondelag/ny-undersokelse-om-helseplattformen-_-ni-av-ti-leger-mener-pasientsikkerheten-er-truet-1.16573375

3: https://www.nrk.no/mr/flere-avdelinger-stengt-i-sommerferien-1.13566100

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal