I det siste har eg imidlertid måtte lære meg litt om motorar, og då motoren til min nye, gamle scooter; «totaktsmotoren». Ikkje visste eg når eg kjøpte denne scooteren, at eg måtte reise langveis for å fylle bensin. For denne «totaktsmotoren» toler visst ikkje den nye bensintypen 95 E10.

I mars i år kom det ein ny bensintype på markedet som erstatning for den gamle bensin 95 oktan. 95 E10 inneheld inntil 10 prosent etanol, i motsetning til den gamle hovudtypen av bensin 95 E5 som inneholdt inntil 5 prosent etanol. 95 oktan E10 i til dømes veteranbilar som krev 98 oktan E0, gir skade på motoren og i verste fall brann. Etanol etsar i kontakt med materialar i drivstoffkrinsløpet og er eit løysemiddel som degraderar gummi, og kan gjere slangar og tetningar sprø og oppsprukne. Bensin på avveie er direkte farlig.

E10 bør absolutt ikkje brukast i veteran- og entusiastbilar. Motorsyklar, båtmotorar, grasklipparar og snøfresarar som ikkje vert jamleg brukt vert frårådd å bruke den nye bensinen. Om båtmotoren, grasklipparen eller snøfresen er ny eller gammal, så lenge den vert ståande, så anbefalast det på sterkaste å ikkje nytte denne nye bensinen.

E10 erstattar den gamle bensintypen 95 E5 fullt ut og blir det nye hovudproduktet for bensin i Norge. Bensin 95 E5 er ikkje lenger til salgs på bensinstasjonar i Norge.

Bensin 98 kan innehalde inntil 5% etanol. Det er ikkje leveringsplikt på 98, og det betyr at mange bensinstasjonar ikkje lenger vil tilby eit bensinalternativ til 95 E10. På Gossen, der eg bur, har vi ikkje bensin 98. Vi har imidlertid mange innbyggarar som har eldre bil, motorsykkel, grasklippar, snøfres, båt og for ikkje å gløyme scooter med «totaktsmotor».

Det er unødvendig tungvint at vi må reise til Molde, Tornes eller endå lenger for å fylle på ein skvett. Og det skal ikkje vere naudsynt at vi øydelegg dyrt og verdifullt utstyr ved å måtte nytte E10 dersom behovet er prekært. Og i dagens bruk og kast-samfunn skal det heller ikkje vere slik at ein må kjøpe nytt når det gamle framleis dug, og det gamle framleis har ein stor verdi.

Håper vi kan få til eit tilbod om bensin 98, også her på Gossen. Så kan eg ta godt vare på den nye, gamle scooteren min, og bruke den i lang tid framover. Og eg er også sikker på at det er andre stadar her omkring, som også saknar dette tilbodet.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal