Dette skjer både på grunn av eit overforbruk i fjor, og ikkje minst på grunn av at fylkestinget har gitt beskjed om at det må kuttast.

Kva blir skåna? Ferje og veg.

Resultatet er katastrofal for skulane. Mange elevar risikerer no å ikkje få vikarar, kva meir som kan bli kutta er vanskeleg å seie.

Fylkeskommuna har eit eige ungdomsråd: Ungdomspanelet. Vi har ansvar for å gi fylkestinget råd, basert på kva ungdom meiner og ønsker. I denne saka har vi vore klinkande klar ovanfor fylkesting og fylkesordførar Anders Riise. Kutt i skulen er IKKJE det ungdommen ønsker. Vi meiner det er ei ufornuftig prioritering der det er svært mykje å tape, og svært lite å hente.

Finst det løysingar?

Fylkeskommunedirektøren foreslo før jul å hente inn 50 millionar kroner i auka billettprisar på ferjer. Dette blei stemt ned av posisjonen. Og kva sparar du som køyrar bil på det? At ferjeprisar framleis er billegare enn sveler, som Bjarne Kvalsvik så fint poengterte på fylkestinget i desember.

Viktigare enn kva du som bilist sparar på dette, er kva vi tapar på det som samfunn:

Vikarkutt i svært mange av skulane i fylket. Store mengder elevar som får dårlegare undervisning. Framtida som vi investerer enda litt mindre i. Det er ikkje berekraftig, det er dårleg omfordeling og det er på tross av ønske frå ungdommen sjølv og råd frå lærarane.

Elevar har gjennom læreplanverket og opplæringslova rett på forsvarleg undervisning. Etter 1. August, når det kjem ny opplæringslov skal det ifølge utdanningsdirektoratet i tillegg vere eit krav om at «fylkeskommuna skal sørgje for at skulane har tilgang på vikarar ved vanleg og forventa fråvær».

Om fylkestinget klarar å oppfylle sine lovpålagde oppgåver får vi sjå ann.

Vi har sagt tydeleg ifrå, no må andre velje å høyre på oss.

I eit møte med fylkesordføraren før jul fekk ungdomspanelet høyre at dei vidaregåande skulane skal bli skåna for kutt. Snart er kuttforslaga i skulane oppe til politisk behandling. Det blir spennande å sjå kva posisjonen på fylkestinget då kjem til å gjere. Pengekassa er ikkje stor, politikarane blir nøydt til å velje.

Når ein da allereie har sagt ja til ferje og veg, er det vanskeleg å ikkje seie nei til skulekutt. Vårt råd er tydeleg: ikkje kutt i framtida.

La det altså vere sagt:

Om posisjonen på fylkestinget no likevel skulle kutte i skulen, er dette på tross av ungdommen sine ønske!

Det er på tross av kva som er lurt for framtida.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal