Dessverre tyr ho også til anna feilinformasjon, som når ho påstår at vi «spiser mindre frukt og grønt enn noen gang». Vi et nemleg over dobbelt så mange kilo med frukt og grønt no til dags som vi gjorde på 1950-talet. Så kva er hensikta til Stav? Bruke feilinformasjon for å oppnå politisk oppslutning?

Når Stav fortel om at kjøttforbruket har auka, skil ho ikkje mellom ulike typar kjøtt. Forbruket av kjøtt frå dei fenomenale drøvtyggarane som omdannar gras til menneskemat har ikkje auka spesielt mykje.

Sidan 1970-talet har forbruket vore om lag stabilt når det gjeld kjøtt frå kua, sauen og geita. Den store auken i kjøttspising kjem mest innan kylling og dels svin. Likevel blir kjøtt frå grasetande kyr gjort til eit stort problem i klimadebatten. Det heng jo ikkje på greip.

Byrådet i Oslo vil at det skal vera tilgang på stadig mindre kjøtt for både ungar og vaksne i ulike kommunale samanhengar. Byrådet i hovudstaden vår bør heller forstå at vi må ta vare på det grasbaserte husdyrhaldet for å sikre god matberedskap i eit kaldt, bratt og vått land som vårt.

Ku, sau og geit klarer å omdanne gras, som ikkje er menneskemat, til verdifull mat og næring til oss. I eit grasland som vårt, med veldig lite areal som er eigna for å dyrke menneskemat direkte, er vi rett og slett avhengige av desse husdyra - og av bøndene som driv produksjon av kjøtt og mjølk.

Stav gir også raudt kjøtt skulda for å vera usunt, utan at ho har vitenskapeleg belegg for å stemple det raude kjøttet på denne måten. Vi nordmenn har vorte store, sterke og lengelevande på dei husdyra som forfedrane våre også overlevde på. Det er for lettvint å gi matvarer som vi faktisk treng for å overleva skulda for moderne helseproblem som har oppstått etter at dømes ultraprosessert mat og tilgang på mykje godteri og snacks kom.

Som nemnt et vi dobbelt så mykje frukt og grønt no som på 50-talet. Men vi må svært gjerne eta meir. Det er eit mål å styrke norsk produksjon av frukt og grønt for å auke sjølvforsyninga vår av desse matvarene. I motsetnad til kva MdG ser ut for å tru, må vi ikkje eta mindre norsk kjøtt for å auke produksjonen og forbruket av norsk frukt og grønt.

Vi kan begynne med å velje meir norske mat framfor importert. Mindre sprøytemiddel og mindre antibiotikabruk får vi på kjøpet saman med auka sjølvforsyning. Og med passeleg inntak av raudt kjøtt får vi også protein av høg kvalitet som kroppen vår lett tek opp, B12 og jarn saman med gode matopplevingar.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal