Rovviltforvaltinga i Noreg tar mål av seg å ta vare på dei store rovdyra, samtidig som dei gjer sitt beste for at beitenæringa ikkje skal plagast for mykje.

I følgje Rovdata sin siste prognose er det mest sannsynleg at gaupebestanden i region 6 vil ligge på bestandsmålet viss nemnda følgjer tilrådinga frå Rovdata. Vedtatt hodyrkvote ligg litt over tilrådinga. Risikoen for å gå under bestandsmålet er dermed auka litt.

Møre og Romsdal fylkeskommune gjorde vedtak om å be nemnda innføre kvotefri gaupejakt på Tingvollhalvøya. I praksis vil det seie at Surnadal må huse mesteparten av gaupebestanden som skal vere i fylket. Sidan det har vore ynglingar i Tingvoll dei seinare åra, gjev rovviltforskrifta ikkje heimel for å innføre kvotefri jakt i Tingvoll. Det seier saka ikkje noko om.

Når det gjeld jerv foreslår fylket å ta ut store delar av forvaltingsområdet i fylket. I Fjord vil det då berre vere igjen noko areal i Reinheimen. I Rauma blir det igjen litt på nordsida av Romsdalen. Så er det igjen ein bit av Dovrefjell som går inn i Molde kommune og litt sørvest i Sunndal. Det må vere nærare ei halvering av det arealet som har vore for lite til å huse kring 20 jervar.

Då rovviltnemnda tok ut Øvre Sunndal av forvaltingsområdet i 2017, blei ikkje verknaden konsekvensutgreidd. I ettertid ser ein mange teikn på at attverande areal blei for lite. Det blir ikkje betre av dette, og konsekvensutgreiinga er framleis heilt fråverande. At politikarane kan ha ønskjer om eit forskot på paradis der ingen rovdyr eter beitedyra, kan ein jo forstå. Men på ramme alvor å foreslå noko som dette, det kan i alle fall ikkje rovviltnemnda gå med på. Rovviltnemnda har plikter til å vedta ein forvaltingsplan som gjer det mogleg for dei store rovdyra å overleve.

Ikkje nok med dette. Utvalet vil også ha felles forvalting av felles jervstamme. Dei seier: «Ei felles jervesone for heile Sør-Norge vil samsvare med korleis jerven lever i området, og gje meir presis og forutsigbar forvaltning gjennom felles bestandsmål, felles kvote for lisensfelling, og felles kvote for betinga skadefellingsløyver.»

Naturvernforbundet kan ikkje forstå kvar fylkeskommunen har dette frå. Jerven som lever vest for E6 og sør for Trondheimsfjorden har lite kontakt med jerven som lever lenger aust og nord. Det er såleis tale om ein sørvestleg delbestand av jerv, ein austleg delbestand og ein nordleg. Det tyder mellom anna at ein ikkje kan felle fleire jervar i Møre og Romsdal sjølv om det er fleire jervar enn målet i Hedmark eller Trøndelag. Det tyder også at den sørvestlege delbestanden må ha ein viss storleik for å fungere. Kunnskapen om dette finst både hos Statsforvaltaren og hos Rovdata. Når ein ikkje har såpass grunnleggande forståing av korleis jerven lever, og heller ikkje gjer noko for å finne ut av det, så bør ein ikkje halde på med saker som dette, anten ein er politikar eller administrasjon i fylkeskommunen.

Kompetanse- og næringsutvalet får stryk på første eksamen i rovvilt. Fylkesutvalet skal ha saka opp. Dei bør rette opp inntrykket.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal