Det er merkeleg kor raskt AP liksom har «snudd» her i fylket, og brått no har meir pengar til absolutt alt. Brått no skal AP prioritere vidaregåande skular, få såg noko av dette då AP styrte fylket, der ca 100 mill kr er kutta dei siste åra i vidaregåande skular mot FrP sine stemmer. Vi skuldar ikkje på andre, berre stadfestar det faktum at vidaregåande skular har vore «sveltefora» lenge her i fylket, noko vi i FrP har kjempa imot kvar eit einaste år. No har ikkje FrP, Høgre,KrF eller Venstre kutta ei krone til vidaregåande skular i 2024, med bakgrunn i at vårt budsjett rett og slett ikkje har blitt gjennomført av fylkesadm. Vi må alle i fylkestinget i April rydde opp i rotet ikring økonomien til vidaregåande skular, dette er «arva etter 12 pr med AP i praksis» som vi no ser resultatet av. Line Hoem og resten av AP gruppa på fylket, kan bruke tida si innmot eiga regjering, som faktisk har gjeve  Møre og Romsdal fylke lågare ramme i 2024 enn for 2023. Dette er AP i praksis i regjering også, sveltefora fylka for så å kritisere at penger ikkje blir brukt. Derfor må det rasjonaliseringar til, og dette må på plass i apriltinget med bakgrunn i at det ser ut til å vere svært så vanskeleg å få dette på plass utan betydeleg detaljstyring. Eg kan love, at eg og resten av FrP skal gjere det vi kan for å rydde opp etter AP og SP her i fylket, men jammen får Line Hoem som også har vore fylkesordførar ta sitt ansvar for den økonomiske situasjonen fylket faktisk er i. Dette gjelder sjølvsagt ikkje nokre kilometer med asfalt eller ei, men årevis ned sløseri av skattebetalarane sine penger på prosjekt, program, vanvittige selskap som Fylkeshuset as og bærekraft ditt og datt. Millionane har flagra og dette har vi begynt å rydde opp i. Her er nok å ta av, men det går nok meir enn 2 mnd i drift av det nye fleirtalet før vi får skuta på rett kjøl igjen.

Mvh Frank Sve Gruppeleiar Møre og Romsdal FrP

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal