I ei utfordrande økonomisk tid vil kanskje fleire spørje: Kvifor skal nettopp dei vidaregåande skulane skjermast for kutt? Eit kort og enkelt svar på det kan vere: For at samfunnet skal vere i betre stand til å takle tilsvarande nedgangstider i framtida!

Eit meir utfyllande svar kan me finne i fylkeskommunedirektørens framlegg til ny økonomiplan: «Å drive ein framtidsretta og berekraftig kompetanse- og næringspolitikk inneber å legge til rette for attraktive utdanningsløp tilpassa behovet til arbeids- og næringslivet. Arbeidslivet har stort behov for ny og oppdatert kompetanse, både ved rekruttering av nyutdanna og gjennom etter- og vidareutdanning.»

For å nå dette målet om å drive ei attraktiv og framtidsretta opplæring i Møre og Romsdal seier det seg sjølv at me ikkje lengre kan fortsette innsparingspolitikken som skulane har blitt pålagt å følgje dei siste åra – med alt det inneber av reduserte opplæringstilbod, samanslåing av yrkesfagklassar, og så vidare. Det har til saman vore kutta 100 millionar kr i utdanningssektoren sidan 2020 – og dette i ein periode prega av både pandemi og innføring av nye læreplanar. Faktisk er Møre og Romsdal det fylket i landet som brukar minst ressursar på utdanning!

Skal Møre og Romsdal fylkeskommune vere ein attraktiv arbeidsgjevar for lærarar i vidaregåande, og skal fylkespolitikarane seie med handa på hjarte at dei satsar på ungdommen, så lyt denne utviklinga reverserast. Og då er det altså særs gledeleg at fylkesutvalet kjem med ei så klar tilråding til politikarane som skal møtast i fylkestinget i desember: No lyt Møre og Romsdal prioritere vidaregåande opplæring!

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal