Det norske monarkiet går langt tilbake i tid. Heilt frå då Noregs fyrste konge, Harald Hårfagre, samla Noreg på 900-talet til Kong Håkon den 7. vart signa etter unionsoppløysinga i 1905, og til dagens Kong Harald.

I Noreg står monarkiet sterkt. Det er under 10% av befolkinga som ynskjer ei anna styreform, og folk er stort sett nøgd med kongefamilien vår. Ein fridag på monarken sin bursdag vil vere med på å styrke monarkiet og å samle folket.

Samstundes vil partiet Venstre, i tillegg til krefter i Frp, AP, Høgre og SV, avskaffe Kongehuset. Dei går altså imot befolkninga si meining. Kva er det som får dei til å ville fjerne ein av dei viktigaste institusjonane i det norske samfunnet?

For Kongehuset er ikkje «umoderne» eller «utdatert» - tvert om. Heile vegen har monarkiet utvikla seg i takt med samfunnet. Dagens monarki fungerer svært godt, og er ein viktig del av demokratiet og kulturen i Noreg. Å innføre ein nasjonal fridag på monarken sin bursdag vil vere med på å minne og merke monarkiet sin viktige kulturelle og funksjonelle rolle i landet vårt.

I dag er Kongen sin bursdag allereie ein nasjonal flaggdag. Likevel har fleire andre land også innført fridag på monarken sin bursdag, eller ein fridag for å feire monarkiet. No er det på tide at Noreg byrjar med det same!

Kongen og monarkiet samlar Noreg og knyter folket saman. Ein nasjonal fridag på Kongen sin bursdag 21. februar vil styrke monarkiet, og gi folket tid og rom til å feire kongehuset, demokratiet og fridomen vår.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal