Vi heiv oss rundt og avtalte besøk på Krisesenteret i Molde og Råkhaugen omsorgssenter. Dei var sporty og stilte opp på kort varsel. Kjell Magne Bondevik fekk for fyrste gong setje føtene innom dørene på eit krisesenter, og vart imponert over både det nye, flotte bygget og over arbeidet som blir gjort der. I Råkhaugen tok dei imot oss på to timars varsel, og vi fekk omvising både på dagsenteret og i den nye delen av bygget.

Mot slutten av besøket i Råkhaugen kom det entusiastisk frå Bondevik: «Det e nesten så i skulle flytta tilbake til Molde når i bli gammel!» Råkhaugen imponerer. Jobben dei legg ned for at bebuarane skal ha ein kvardag fylt med meining, glede og aktivitet er uvurderleg. Det nye og tilrettelagte bygget kan nok gjere jobben lettare, men det er dei som arbeider der som gjer at det blir så bra som det er.

Råkhaugen omsorgssenter og dagsenter har nasjonalt ry for å vere blant dei beste i landet på demensomsorg, og det fortener dei. Dei har eit enormt engasjement og ein kompetanse som stadig blir viktigare. Vi blir stadig fleire eldre, og talet på personar med demensdiagnosar aukar i takt med det. Difor er det viktig å ha fokus på eldreomsorg, og spesielt på demensomsorg.

For oss lokalpolitikarar er eldreomsorg ei prioritert oppgåve. Institusjonsplassar er viktig, men eldreomsorg er mykje meir enn det. Det å ha ein meiningsfull og trygg kvardag er like viktig for dei eldre som for alle andre. Det å vere i aktivitet og i stand til å meistre kvardagen gjer at vi får eit betre liv, og å legge til rette for det er ei like viktig oppgåve for politikarane som å sørge for nok institusjonsplassar. Det er førebygging i praksis og vil utsetje behov for meir hjelp.

I Molde kommune har vi mellom anna prioritert å oppretthalde dagtilboda. Ikkje berre dei lovpålagte dagsentera for personar med demensdiagnosar, men tilboda for alle som har behov for det. Det gjer at pårørande får ei pustepause og brukarane får eit avbrekk i kvardagen, aktivisering og sosial kontakt. Det er eitt av dei viktigaste tiltaka for å nå målet om at vi skal bu heime lengst mogleg. Difor er vi i KrF krystallklare på at å kutte i dagtilboda ikkje er aktuelt for oss.

Kjell Magne Bondevik var imponert over innsatsen til dei tilsette i Råkhaugen. Sjølv er han eit eksempel på fleirtalet av dei som fell inn under kategorien «eldre». Han er ressurssterk og oppegåande, både fysisk og mentalt. Det er lett å gløyme, men «dei eldre» er ein stor ressurs og har mykje å bidra med. Det å gå av med pensjon er ikkje det same som at ein har utspelt si rolle i samfunnet. Bondevik fyller 76 år om nokre dagar, og seier fortsett «når i bli gammel».

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal