I dagens politiske Molde er kvinner sterkt underrepresentert. Ein tredel av representantane er kvinner. Ingen av ordførar/varaordførar. Éin av tre utvalsleiarar. Éin av ni gruppeleiarar.

Tradisjonelt får menn langt fleire personstemmer enn kvinner. Korfor er det slik? Det er mange grunnar, og av og til er det tilfeldigheiter. Men forskjellen er stor, og systematisk på tvers av kommunar. Éin grunn kan vere at mange menn er lengre i politikken, og dermed blir kjente fjes for veljarane. Dei har også ofte hatt meir synlege roller. Ulik kjønnsfordeling fører altså til endå meir ulik kjønnsfordeling.

Heldigvis kan vi gjere noko med det! Same kva saker som er viktige for deg og kva parti du stemmer på, har du moglegheit til å setje eit kryss ved namnet til dyktige kvinnelege kandidatar på stemmesetelen. Det står nemleg flotte kvinner på listene til alle parti. Og dei står der ikkje fordi dei er kvinner, men fordi dei brenn for viktige saker og er engasjerte, flinke politikarar. Gje dei eit kryss, og bidra til meir likestilling i politikken!

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal