Det er brann og tørke i Sør-Europa igjen denne sommaren, og vi har nett hatt uveret Hans. Dette kjem ikke til å verte siste gongen. Veret kjem til å verte villare, våtare og meir ekstremt, og vi må både planlegge for det og begynne å gjere noko aktivt for å kunne handtere det betre.

Møre og Romsdal er eit utruleg vakkert fylke, og vi ferdast langs vegar som slynger seg både opp fjell og gjennom dalar. No har vi tallause nye og skremmande døme på kor sårbare vi er i vårt fantastiske landskap i kombinasjon med eit ver som vert stadig meir ekstremt. I løpet av ei vekes tid hadde vi dramatiske jordskred i Vistdal, steinsprang som lausna og traff svenske turistar i Trollstigen og mange turistar som vart innestengde i fleire dager på campingplassen i Meringdalen i Eresfjord på grunn av at vegen inn dit vart teken av ras. Folk på gardar i Sunndal vart evakuerte på grunn av fare for jordskred, og enda ein kampestein ramla ned på fylkesvegen ved Eikesdalsvatnet. Mange fylkesvegar, og turistattraksjonen Trollstigen, vart stengde i kortare eller lengre tid. På Austlandet er konsekvensane av dette siste uveret enda større enn her i fylket. Til saman viser desse døma at vi i dag ikkje har ein infrastruktur som taklar så store vassmengder.

Beredskap handlar om å vere førebudd før ting skjer. Det er difor utruleg viktig å satse meir på klimatilpassing, som skredsikring og flomhandtering.

Mykje meir kunne ha vore gjort hvis ein hadde høyrt på SV. SV har sidan 2015 til saman prioritert 6 milliardar meir til klimatilpassing enn den til ei kvar tid sittande regjeringa. Kommunebudsjetta er tronge, så å sikre pengar til kommunane er viktig for å få dette gjort. Det er alltid billigare – og sikrare – å sikre infrastruktur i forkant av ekstremver, enn å reparere i etterkant.

Mange av konsekvensane vi no ser er vanskelege å reversere, men vi kan hindre at det vert verre. Det er difor framleis ekstremt viktig å kutte utslepp. Difor vil SV omstille Noreg bort frå olje- og gassnæringa, og ikkje åpne nye oljefelt, og difor prioriterer vi kraft til å kutte dei store utsleppspunkta i industrien.

Også i kommunane må vi kutte utslepp og sikre infrastrukturen vår, vegar, vatn og avløp, og sjølvsagt trygge eigedomar og heimar.

Her i Molde vil SV arbeide for at det vert lagt solceller på alle kommunale tak. Vi vil arbeide for eit betre kollektivtilbod og gang- og sykkelvegar. Vi vil stanse nye motorvegar som legg til rette for auka biltrafikk. Vi vil arbeide for at industrien får kutta sine utslepp, og at kommunane skal stille strenge klimakrav når dei kjøper varer og tenester.

Klimakrisa er her, og også i Molde må vi ruste oss for å takle klimaendringane.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal