Min skule blei nedlagt i i 2.klasse, overgangen frå seks elevar til 25 var krevande og utviklande. Far som var senterpartimann hadde rett i at skulen var hjertet i bygda og mor mi som jobba heile livet sitt i PPT hadde sett litt av kvart og sa: Legg ned dei små skulane. Ho såg barn som ikkje fekk det dei trengte, og som sat fast i små lokalsamfunn utan å kunne heve stemmen sjølve.

Eg er ny i kommunestyret og ny i budsjettvurderinger. Men eg har stor kjennskap til barn og barns utvikling i mitt arbeid og utdanning som psykologspesialist, der eg veileder og utdannar skular, lærarer, rektorar og foreldre.

Eg har også ei stor gruppe med barn frå alle samfunnssjikt inne på mitt terapirom. Det er dei som betaler sjølv i rein fortviling og dei som kjem via spesialisthelsetjenesten. Eg møter unge som held på å slukke lyset sitt, som har stort skulefravær eller skadeleg stress knytta opp til skule. Nyleg fortalte professor Trond Diseth ved Rikshospitalet om ei auking på 400 prosent i stressletarte tilstander hos barn i dei som kjem dit, bl.a. knytta til nettopp skulegangen deira.

Nokon menneske går på skulen akkurat no og det er berre no dei går der. Det er eit aukande tal med normale barn som ikkje mestrer skulen. Dobbelt så mange gutar som jenter mottek spesialpedagogiske tiltak, og det er så vidt meg kjend ikkje ei diagnose å vere gut.

Hjernen vi som voksne har, er forma av kritiske «hjernevindu» i barndommen som seinare lukker seg for store endringar. Læringsutbyttet og psykisk helse i disse mulighetsvinduene som unge er i, ser ut til å stupe for den oppvoksende generasjon, det ser vi av det nye PISA-sjokket. Vi har også ein hjerne som bruker meir tid på skjerm på bekostning av å lære å regulere seg og på sosialt samspill.

Skulen kan virke positivt eller negativt. Læreren les eg er den viktigaste enkeltfaktoren for at kvart barn skal utvikle seg til framtidige rssurssterke særegenheter, slik Torgeir Dahl er positiv og framoverlent og Edvard Breivik er smart og opptatt av rettferd, to særegne store ressursar for notida. Læraren toppar den nye lista til SINTEF over mest emosjonelt krevende jobb. Ein lærer som har sjukemeldte kollegaer eller heile tida for mange oppgåver, må budsjettere annleis og kan misse utviklingsvinduer, som blir seinskader og etterslep i utvikling hos barna som glapp der og då. Då mister vi barn, og vi ser at vi særleg mistar gutar.

Og kva anna skal Molde kommune spare enn personar i skulane? Å ha kunnskap om barns utviklingsbehov og samtidig godta at vi skal ned i kvalitet i ein kommune der eg i mange år har sett MANGLAR ressurser, synest som rein vold mot dei menneska som går i skulen. Til samanlikning har oppvekstskulen min i Kviteseid, med skulen til barna mine, Sellanrå 16000 årstimar til ordinær undervisning Sellanrå har 13000 på 130 fleir elevar. Kviteseid har 4000 årstimar til spesialundervisning, Sellanrå 3000. For eigen del som mor, der eg har to barn som klarer seg utmerket og eit som treng ekstra ressurser, kan denne kunnskapen gjere det meir aktuelt å flytte frå Molde. Og hadde de møtt dei som sit på kontoret mitt, hadde de sett at her satt gode borgarar på alle vis, kommande sjukepleiarer, lastebilsjåførar og framifrå kommunepolitikarar. Men ikkje om vi sparer oss ned til under eit nivå der dei får for under terskelen av det dei treng. Å skjære ned på kvalitet og redusere ressursar til dei eksisterande skulane er uhørt og eg fraråder det som fagperson på det sterkaste.

Det er umulig å beslutte vern av dei små skulane, før vi har sett på heilheten som nytt kommunestyre. Forslaget er difor å utsette avgjerda til ny oppvekstplan foreligger, for å spare både liv og helse til det enkelte barn og for å spare oss for utgifter i samfunnet på sikt.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal