Både på sosiale medier og i ei rekke innlegg i ulike aviser i fylket er gruppeleiar Frank Sve såra og vonbråten fordi dette blir påpeikt. Romsdal Budstikke er ei av dei avisene  der rektorar, lærarar, foreldre og elevar har gitt beskjed om dette med både ute- og innestemme sidan desember.

I staden går Sve til frontalangrep på alle andre som ikkje har forstått intensjonen til fleirtalspartia. Allereie då Sve på ein nøye regissert pressekonferanse 13 november, kom Frp, H, V og Krf med desse busjettkutta, og vi i Arbeiderpartiet advarte sterkt mot prioriteringa av ulike samferdselstiltak på bekostning av barn og unge i Møre og Romsdal.

Arbeiderpartiet kom difor med eit alternativ budsjettforslag i desember der ein hadde unngått å kutte 2,7% til utdanning som er løysinga til Sve og co. I vårt budsjettforslag auka Arbeiderpartiet overføringane med 30 million utover fylkeskommunedirektøren forslag. Det utgjer ein skilnad på 62 million kroner frå budsjettframlegget til Sve og co.

Sve hevdar at det ikkje skal gå utover skulane og elevane, men budsjettvedtaket deira har ein annan ordlyd, og eg siterer «Rasjonaliseringa skal i minst mogleg grad føre til kutt i tenesteproduksjonen» Det kan tolkast som blant anna fleire elevar i same klasse, færre programtilbod, redusert bibliotekfunksjon og it-støtte.

Møre og Romsdal har den høgste gjennomføringa i vidaregåande skulen i landet, men for Arbeiderpartiet er ikkje dette nok. Mens Frp, H, Vo g og Krf ikkje klarer å ha ei tydeleg retning, ga vi signal om at vi ville styrke laget rundt elevane slik at fleire meistrar og fullfører skuleløpet. Hjelp ikkje med fem mil svart asfalt dersom vi får auka utanforskap blant barn og unge.

Vi ser at til og med Sve har innsett at utdanningssektoren får for lite penger og i eit innlegg i Sunnmørsposten si nettutgåve 20. februar seier han at ein kan «bruke nokre titals millionar frå disposisjonsfondet , slik at det ikkje blir ytterligare kutt innan skule dette året» Dette blir stadfesta i Romsdal Budstikke si nettugåve 21 februar og han vil «brukehasteparagrafen og henter ut 34 millioner kroner fra disposisjonsfondet for å dekke opp kuttet i de videregående skolene»

Problemet er at Møre og Romsdal har det det lågaste fondet (reservekontoen) i landet og i samferdselsutvalet 31. januar vedtok fleirtalet å bruke av fondet til auka ferjedrift. Arbeiderpartiet støtta også auka ferjedrift, men vi ville at ein skulle finansiere dette innan samferdselsområdet og ikkje bruke sparepengane. Berre Sv støtta Arbeiderpartiet sitt forslag.

Vi i Arbeiderpartiet ser fram til behandlinga av ulike sparetiltak i apriltinget og vi skal vere konstruktive. Vi har berre eit råd til Sve og co. Det er ingen skam og snu, men for Arbeiderpartiet er det ikkje aktuelt å vere med på tiltak der svart asfalt går utover 9000 elevar i vidaregåande skule.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal