Endeleg har vi fått aksept for at ferja er ein del av vegen. Bilbrukarar betaler vegavgift og av og til bompengar når det skal byggast ny veg. Ferjebrukarane har i tillegg til vegavgifta og bompengar på veg på fastlandet betalt skyhøge bompengar for «vegen» til øya eller over fjorden. Slik ville det blitt i framtida også om ikkje AP/SP-regjeringa hadde gjort dette grepet. «Du lyt lite på mannen, ikkje på orda hans», skreiv Olav Duun. Her har SP og AP levert.

Det betyr sparte kostnader på 15 mill./år til og frå Midsund, 23 mill./år til og frå Aukra, 11 mill./år til og frå Smøla, 2 mill./år til og frå Kvamsøya-Sandsøya-Voksa og 2 mill./år i Hjørundfjorden. I tillegg er det sparte kostnader på opp mot 100 mill./år for dei andre sambanda. Dette er tala for 2021-trafikken og i 2021-kroner, så i 2023 er beløpa større, og vil vekse framover. Staten betaler dermed rundt 150 mill.kr/år (2021-kr)  for ein direkte kostnadsreduksjon for folk flest, for pendlarar, næringstransport og tenestetransport i Møre og Romsdal.

I tillegg har Stortinget innført grunnrenteskatt på havbruk, som kjem kommunar og fylke langs kysten til gode. Innretninga på grunnrenteskatten bør no vere god nok også for næringa. Senterpartiet meiner det er rett å bruke av denne grunnrenteskatten for å oppretthalde ferjetilbodet i fylket vårt og halde takstane nede på det nivået Stortinget og regjeringa har bestemt og kompenserer oss for. Vi meiner dette er god fordelingspolitikk og god distriktspolitikk.

Det er heilt greitt for oss at Høgre vil gå til val på at øysamfunna og småsamfunna skal betale for ferja igjen og at grunnrenteskatten skal bort. Det blir ikkje betre ferjetilbod av den grunn, men staten sparer pengar, havbruksnæringa betaler mindre skatt og fylkeskommunale tenester får trongare vilkår. Høgre og Senterpartiet har ulik distrikts- og fordelingspolitikk, og så får veljarane seie sitt.

Vår kampsak frå SP i Møre og Romsdal når det gjeld skatt, er å fjerne formuesskatten på arbeidande kapital slik at norske og utanlandske selskap blir behandla likt og at investeringar i ny næringsverksemd ikkje blir skattlagt som i dag. Der kan kanskje Høgre og SP finne i lag. Nokre  mindre forbetringar vart gjennomført under Solbergregjeringa, men både AP/SP og H må sjå at det trengst meir radikale grep her.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal