Helge Kjøll jr. er Aukra KrF sin ordførarkandidat. Med 16 år i kommunestyre, 12 år i formannskap og 8 år som varaordførar er Helge Kjøll jr. ein svært erfaren kommunepolitikar.

Han har mellom anna vore Fylkesleiar i KRFU og fra 1989 – 1993 var han vararepresentant til Fylkestinget og til Stortinget. Helge har vist seg i praksis i form av engasjerte og gode innlegg frå talarstolen og også gjennom gode grunngjevne spørsmål og interpellasjonar til ordføraren. Helge Kjøll jr. er svært opptatt av rolla som folkevalgt og det å ivareta folket sine interesser i Aukra kommune. Helge Kjøll jr. har ved fleire høve gitt uttrykk for at han er bekymra over at ein ser ein tendens til at det har vorte færre saker å handsame i både livsløpsutvalet og i utvalet for drift -og areal. Ungdomsrådet må og engasjerast i større grad enn kva dei gjer idag. Det vert derfor viktig å være på, når delegasjonsreglementet for neste kommunestyreperiode skal handsamast.

Helge har sterk fokus på å bygge gode relasjonar og få til eit tverrpolitisk samarbeid. Det er ved godt samarbeid ein får til dei beste politiske prosessane og dei beste politiske resultata. Under si tid som varaordførar var han med i både Romsdal Regionråd (i dag Romsdal politiske råd) og GassROR IKS. Han markerte seg godt i begge desse organa og Aukra treng ei tydeleg og strategisk røyst i desse interkommunale organa.  Helge har gjennom mange år kjempa for fastlandssamband og særlig dei seinare åra gjennom styret i Kjerringsundet.

Aukra KrF si valliste er ein svært god miks av personar med lang fartstid i politkken, mens andre er så smått igang med sitt politisk liv. Vi har med folk frå næringslivet og folk frå offentleg sektor og ikkje minst ein dyktig ungdomskandidat.

Helge jobbar for tida som leiar i NKF (organisasjon for dei kristne folkehøgskolane i Norge). Han har permisjon frå sin stilling som rektor ved Molde folkehøgskole. Han er kjend for å vere ein dyktig leiar, ein god strateg, flink med marknadsføring og merkevarebygging og ikkje minst ein person som i sitt yrkesaktive liv har hatt sterk fokus på nytenkning og innovasjon. Ellers er han ein varm og trivelig person med omtanke for alle.

Dette er viktige eigenskaper også i kommunepolitikken.

Aukra KrF vil jobbe for eit varmare Aukrasamfunn – eit lokalsamfunn med tid til det viktigaste. Vi går til val på eit godt valprogram. Vi ønsker å prioritere barn, unge og eldre og vi ønsker å støtte og styrke frivilligheten og bidra til eit aktivt og variert næringsliv. Vi er stolte over å ha ein så erfaren og dyktig ordførarkandidat som Helge Kjøll jr. Ved siste kommunevalg toppa Helge lista med omsyn til antall personrøyster og kumulasjonar.

Dersom du ønsker Helge Kjøll jr. som ordførar dei 4 neste åra, må du på valdagen, 11. september, velge Krf si liste. Antall listestemmer er avgjerande for kor mange representanter partiet får inn i kommunestyret og desto sterkare står vi når ordførar skal veljast.

Vår oppfordring er å stemme KrF ved valet 11.september.

Godt val.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal