Ungdommen er framtida vår. Det er ungdommen som skal bli dei nye arbeidstakarane, dei nye sjukepleiarane og lærarane. Vi ønskjer at ungdommen skal komme tilbake etter endt utdanning. Då må vi aktivt satse på ungdommen. Vi må legge til rette og sørge for at dei har gode minner og får dei best moglege oppvekstvilkår.

I kommuneplanen sin samfunnsdel for Aukra kommune (2019-2030), står det at vi vil ha eit godt psykososialt oppvekstmiljø for alle barn og ungdom i Aukra. Vidare står det at barn og unge er meir sårbare enn vaksne, og treng at samfunnet tar eit ekstra ansvar.

For å oppnå dette har Aukra kommune vedtatt fem delmål:

1.       Gjennom MOT-avtalen: skape robust ungdom og inkludering av alle.

2.       Barn og unge skal bli møtt av nok og godt kvalifiserte tilsette.

3.       Alle tilsette skal ha god relasjonskompetanse

4.       Barn og unge skal få hjelp til å meistre liva sine. Hjelp til å bere si eiga bagasje.

5.       Møteplass kor ungdom møter faste tilsette vaksenpersonar.

17. desember 2019 tok Aukra Senterparti saman med Aukra Krf, initiativ til ein interpellasjon med fokus på mål nummer 5 i samfunnsplana: Møteplass for ungdom med faste tilsette vaksenpersonar. Kommunestyret vedtok i samband med denne interpellasjonen at administrasjonen iløpet av 2020 skulle legge fram ein plan for gjennomføring til politisk handsaming, slik at tiltaka kunne setjast i verk frå hausten 2020.

Hausten 2020 la administrasjonen fram ein handlingsplan med mål om å tilby ungdom trygge og føreseielege møteplassar kor det er tilrettelagt for ulike aktivitetar på ungdommen sine eigne premiss. Ein skal jobbe for eit større samhald mellom ungdommane på fastlandet og øydelen av kommunen. Dette skulle vere eit samarbeid på tvers av frivillige lag, organisasjonar og kommunesektoren, noko som i større grad vil medverke til å rekruttere ungdom til ulike fritidsaktivitetar og deltaking i Aukrafelleskapet. Eit slikt samarbeid mellom frivillige og kommunale tenester vil legge til rette for heilskapeleg tenking og fokus på 24-timars ungdommen. Målet er å i større grad bidra til å førebygge utanforskap og å nå målet om at alle skal kjenne at dei høyrer til.

Prosjektet skulle evaluerast mot slutten av 2022, men evalueringa nådde ikkje fram til kommunestyret i tide før budsjettforhandlingane desember 2022.

Evaluering viste at Møteplass for ungdom var ein kjempesuksess! Med høg deltaking og positive merknadar frå både ungdom og vaksne vart tiltaket anbefalt vidareført, men sidan dette var eit prosjektperiode, vart møteplassen avvikla utan vidare 31.12.2022. Skuffelsen var stor blant ungdommen og foreldre. Dette vart ikkje opplyst om frå administrasjonen si side.

I budsjett og økonomiplanen for 2023 er eit av satsingsområda barn og unge, men tiltak om Møteplass for ungdom vart kun bevilga kr 130 000. Det er ikkje mogleg å opprette ei fast 100%-stilling med dette beløpet. Kommunen la med dette opp til ein avhengigheit av prosjektmidlar til å realisere eit vedtak og mål som kommunen sjølv har sett seg.

Foreldre har stilt opp som vakter og det har vore oppretta natteravnordning for å bygge opp under trygge rammer for ungdommane. Frivilligheita har vore fantastisk og dugnadsvilja stor. Suksessen har vore svært synleg for alle. Foreldra til tiande trinn sende difor inn ei klage til kommunen og saman med press frå politikarane, vart ein einig om å sikre eigenandelen i budsjettet. Aukra kommune har vidare fått innvilga tilskot frå Bufdir til «Ordning for inkludering av barn og unge», og tiltaket er såleis redda for 2023.

At prosjektstillinga om møteplass for ungdom med faste vaksne tilsette er ein stor suksess, er det ikkje tvil om! Det skapar tryggleik for ungdommen og foreldra. Det hindrar utanforskap, og det at ungdommar som har utfordringar med psykisk helse har eit slikt tilbod, har vore ekstra viktig. Den negative utviklinga innan rus i Aukra er og eit faktum, og det å ha tydlege og kjende vaksne som følgjer med på ettermiddag/kveld, er viktigare enn nokon gong.

Ungdommen vår fortjener ikkje at ein slik møteplass skal vere ei ordning som gjeld får prosjektperiode til prosjektperiode. Dei fortjener at dette vert ei permanent ordning, der det er ei 100% fast stilling med fast vaksenperson. Og denne skal vere open også om sommaren.

Vi i Aukra Senterparti vil jobbe for å sikre ei 100% fast stilling for miljøarbeidar med ansvar for Møteplass for ungdom i budsjettet 2024. Dette er ikkje lenger eit prosjekt, men ei fast ordning vi må behalde.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal