Når Molde-ordførar Trygve Grydeland i NRK Møre og Romsdal si distriktssending tysdag sa at Midsund gjekk saman med Molde i ei friviljug kommunesamanslåing, så er ikkje det den fulle og heile sanninga. Det er så mykje feil at eg ville ha brukt eit sterkare og godt norsk ord for det, om ikkje sensuren hadde stoppa meg.

La meg vise til folkerøystinga i Midsund kommune den 25. april 2016. Der var det eit frammøte på 56,6 % - altså vel halvparten av dei røysteføre i den gamle kommunen. Av desse røysta berre 23,1 % for å slå seg saman med Molde. Det er ikkje meir enn 1/8 – ein åttedel – av dei røysteføre i Midsund kommune. Heile 74,7 % ville til Aukra kommune.

Når Grydeland står på TV og erklærer at det var «friviljug» kommunesamanslåing, så må det vere avgjerda i Midsund kommunestyre han siktar til. Sanninga er at dei folkevalde gjekk mot folkeviljen, akkurat som at så mykje meir var udemokratisk med denne reforma. Men det gjer det ikkje rett av ordføraren å hevde at samanslåinga var friviljug.

«Midsund stemte mot folkeviljen», skreiv NRK på sine nettsider etterpå.

Alt dette er grundig dokumentert i boka «Kaosreformene» av Per Gunnar Stensvaag. Eg vil oppmode deg Grydeland om å laste ned og lese boka gratis frå Nasjonalbiblioteket sine nettsider. Du kjem til å ha stor nytte av å lese kapitelet om Molde frå side 153 til 207. Der har Midsund fått ein omfattande og grundig gjennomgang frå side 195 og ut Molde-kapitelet. Som korrekturlesar og opponent til forfattaren under arbeidet med boka, går eg god for at det ikkje finst anna enn sanninga i den boka, herr Grydeland.

TERJE ALBREGTSEN

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal