Vi jobbar for at alle vidaregåande elevar i fylket skal få eit godt skulemiljø, og ha gode og innhaldsrike dagar under opplæringa og utdanninga si.

KrF har i mange år kjempa for at elevar som har behov for det skal få gå vidaregåande på Tøndergård skole og ressurssenter. Vi har høyrd mange rørande forteljingar i media om kor viktig denne skulen har vore, og er, for elevar med ekstra behov. Det gjerast utruleg mykje godt arbeid i fylkeskommunen sine vidaregåande skular. Men det er ikkje til å kome vekk ifrå at enkelte elevar ynskjer dei rammene som Tøndergård kan tilby. KrF meiner at dei som har eit ynskje og behov for å gå på Tøndergård, skal få det.

I førre periode kom Victoria Smenes inn som fast møtande i Utdanningsutvalet, og denne perioden har Harry Valderhaug følgt opp saka i Utdannings- og kompetanseutvalet. Vi har gong på gong kjempa for enkeltelevar sine rettar til å få eit vgs-tilbod på Tøndergård. KrF vil gje folk tid til det viktigaste. Vi jobbar for at elevar og familiar skal få nytte tida si til å glede seg til skulestart, ikkje til lange klagerundar og usikkerheit. Gong på gong må elevar og familiar klage for å få retten sin til skuleplass der. KrF synes at dette er uverdig, og fortset kampen for desse elevane.

Seinast på Fylkestinget no i juni fremja KrF forslag om at det skal liggje i botn i framtidig økonomiplan at Fylkeskommunen skal kjøpe tenester ifrå Tøndergård. Det er med stor glede vi kan fortelje at fleirtalet av fylkestinget var einige med oss. Men vi må ikkje tru at kampen er over, og vi skal fortsette å følgje opp saka, som er så uendeleg viktig for dei enkeltelevane som søker om å få dette tilbodet.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal