Eg oppfatta høghuset i RB sitt oppslag 30. november som eksempel for debatt og tilbakemelding før eit prosjektarbeid eventuelt vert starta. Utbygger vil reise eit signalbygg ved Sjøfronten. Etter mitt faglege skjønn må bygget ned til høgder tilpassa Superbgården og Brunvollkvartalet. Superbgården er eit markant og flott bygg frå si tid, og representerer viktig byhistorie. Bygget kan ikkje «drukne» med eit høghus framfor seg. Då er det bedre å dekke opp manglande kapasitet i nybygget, gjennom ei innvendig ombygging av Superbgården. Ålesund har klart dette bak fleire jugentfasadar.

Innspel om høghus i Molde kjem fram i media frå tid til annan. Seilet i si tid. Tollboden som enno ikkje er avklart med Konservator/Riksantikvar. Sky-linja i Grandfjæra. Og no seinast eit nytt hotellbygg på den regulerte «Tinghustomta» rett sør for Superbgården. Denne tomta er sentral og har høg verdi aust i Molde sentrum, som elles er prega av arkitekturen frå gjenreisinga etter krigen. Tomta kan romme eit nybygg, eller nyttast som eit byrom nært Moldeelva og det nye badeområdet ved Sjøfronten.

Nye bygg inn mellom eksisterande hus må få vise ny arkitektur, men elles sjå til proporsjonane i eksisterande nabobygg og strøket sin karakter. Einskilde høghus i Molde bryt det einsarta og lavmælte «teppe» av bygg som Molde sit bylandskap framfor Moldelia er kjend for. Høghus kan ikkje få sprette opp «tilfeldig» og må om så styrast etter ei plan for dette. Byplanlegging er eit fag som ligg til administrasjonen og plankontora i både kommunen og fylkeskommunen.

Eg har tidlegare snakka opp området fram på Bolsønes og aust i Grandfjæra som eigna for ein «bukett» med høghus, eit lite «Manhatten». Då innafor høgder som flyplassen tillet. Bolsønes har større avstand frå Moldelia bak og «rommet» som landskapet danner her, passer bedre for høghus i Molde, om dette absolutt er så ønskeleg.

Ja, vi lokale arkitektar har hatt klare føringer på høgder, materialbruk og tilpassing når vi har teikna bygg sentralt i byen. Sjølv har eg vore ekstra oppteken av Molde sin arkitektoniske identitet med sitt sentrum prega av arkitekturen under gjenreisinga etter krigen. Arkitektar utanfrå byen kan ikkje sleppe dei same rammevilkåra og nærast få gå «fritt fram». Heller ikkje politikarane, utan først om så å endre sine vedtekne planer.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal