Møre og Romsdal har sett seg mål om å bli Noreg sitt beste berekraftsfylke. Skogen på vestlandet kan vere med å bidra til å bremse klimaendringane.

Gode vekstvilkår i vest

Skogen på vestlandet har gode vekstvilkår, spesielt grana. Ho er eit av dei viktigaste treslaga for tømmerproduksjon. Her blant fjord og fjell har vi den høgast produserande granskogen i landet. Det milde klimaet og dei næringsrike lisidene sørger for dette. Når skogen veks, blir store menger karbon bunde i  lange trefiber i trestammane. Grana i Møre og Romsdal har optimale vekstvilkår, og kan dermed binde store mengder karbon samtidig som det blir produsert tømmer av beste kvalitet.

Landbruksdirektør Frank Madsøy og fylkesskogmeister Christina Qvam Heggertveit Foto: Anita Grønland/Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Rekordstor avverking

Høge tømmerprisar fører med seg rekordstor hogst. I fjor blei det satt rekord i Noreg med 11,6 mill. kubikkmeter tømmer. Dette vart selt til industriformål for heile landet. Rekorden i år avløyste rekorden frå i fjor.

Tømmer lagrar karbon

Grana som veks i Møre og Romsdal er førstegenerasjon. Det var mykje ein ikkje visste om korleis granskogen skulle utvikle seg då den vart planta. Men no, 60-70 år etter skogreisinga, veit vi meir. Vi veit at skogen her er frisk, og sjeldan angripe av råtesopp. Tømmeret blir sterkt og stort. Det vi også veit, er at vi må optimalisere alle høve til å binde karbon. I ein kubikkmeter tømmer er det lagra karbon tilsvarande minst 720 kg  CO₂.

Granskogen bind altså store mengder karbon og produserer tømmer av høg kvalitet. Korleis vi forvaltar skogen påverkar i stor grad korleis skogen veks og tek opp karbon frå lufta. Forvaltninga påverkar også styrken til tømmeret. Tømmer er det einaste fornybare byggematerialet, og ein oppnår store klimagevinstar der trekonstruksjon blir nytta i staden for stål og betong.

Ny skog og vekstspurt

Kva er dei viktigaste forvaltningsgrepa vi kan gjere for å utnytte grana si evne til å binde karbon og å produsere tømmer av høg kvalitet?

To grep er særs viktige. Det eine er å få opp ny skog så raskt som råd etter hogst. Det andre er å la skogen gjennomføre «vekstspurten» sin.

Dess lenger tid det tar å få opp ny skog, jo større er tapet både for skogeigar og for klima. Skogeigar taper økonomisk og karbonbindinga blir mindre.

Grana sin vekstspurt

I skogforvaltninga deler vi grana sitt liv inn i fem ulike vekstfasar. Dei er bestemt av skogens alder og produksjonsevna på veksestaden. Omgrepet vi nytter er hogstklasse (h.kl.).

H.kl. 1 Snau skogsmark som skal plantast til eller bli forynga naturleg med frø.

H.kl. 2 Ungskog.

H.kl. 3 Yngre produksjonsskog.

H.kl. 4 Eldre produksjonsskog på veg til å bli hogstmoden.

H.kl. 5 Lågaste alder for hogstmoden skog. Tilveksten minkar, men er framleis høg.

Vi kan sette eit likskapsteikn mellom auke i volum og å binde karbon. Vekstspurten til grana skjer i hogstklasse 4. Her er auken i volum spesielt høg i Møre og Romsdal. På berre 15-20 år kan vestlandsgrana doble volumet sitt. Det er også i h.kl. 4 at kvalitet og styrke har den beste utviklinga i tømmeret. Det betyr at den best betalte delen av tømmerstokken aukar her.

Vi hogger før spurten

Både klimaet og skogeigaren tapar på at 80 prosent av grana her i fylket blir hogd i hogstklasse 4. Dette er 15-20 år før grana har utnytta vekstpotensialet sitt og nådd optimal alder for hogst, og også før grana har kome inn i den mest produktive alderen.

Tolmod løner seg

Vi må bruke kunnskapen om tømmerproduksjon til å forvalte ressursane på ein god måte, og til det beste både for skogeigar, klima og industri som nyttar tømmer av høg kvalitet.

Nyleg har Skogkurs utvikla ein kalkulator som syner skogeigar sitt tap ved tidleg hogst.

Her finn vi eit rekneeksempel som viser kor mykje skogeigarar kan tene på å vente med å hogge gran ved 70 års alder samanlikna med ved 50 årsalder der det er god produksjonsevne (G20).

Ta vare på verdiane

På gode produksjonsareal vil grana nesten doble volumet på 15-20 år. I denne vekstfasen produserer grana den tømmerkvaliteten som er høgast betalt, samtidig som karbonopptaket går på høggir gjennom vekstsesong etter vekstsesong. Og karbonet vert i treet, også etter at det har blitt til tømmer. For klimaet er det svært gunstig. Inntekta som skogeigar vil sitte att med er også betydeleg høgare og kan auke med tregangaren. Desse to gevinstane kan vere verde å vente på.

Noreg har som mål å redusere utslepp av klimagassar med minst 55 prosent innan 2023. Dette målet omfattar også CO2-opptak i skog.

Oppmodinga vår er derfor: La skogen vekse gjennom den mest produktive livsfasen. Det gir meir lønnsamt tømmer, samtidig gjer trea ein viktig jobb for framtida og for klima.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal