Når det er valkamp og debattar får vi høyrer at politikarane arbeider aktivt for at helse og skule skal bli betre. "Det fortener våre eldre, og det viktigaste vi har er våre barn!"

Vi høyrer om lange ventelister for behandling på sjukehusa, og vi høyrer om ferdigbehandla pasientar som ventar på sjukeheimsplass. Vi høyrer om sjukeheimsplassar som blir nedlagde, ja, heile sjukeheimar skal visst leggjast ned. Grunnen kan ikkje vera at det er for få som treng plass! Er det økonomien? Nokon seier det er for få helsearbeidarar, dei har ikkje nok "hender".

Vi  vanlege folk forstår ikkje dette! Kommunane må betale i dyre dommar for pasientar som ligg på sjukehusa og er ferdigbehandla. Det går helsearbeidarar på 40 % stilling som gjerne vil ha høgare stilling! Det er folk som står i kø for å koma på sjukehusa og få behandling.

Sett opp eit reknestykke! Det som kommunane må betale i straffebegyr for ferdigbehandla pasientar mot det det kostar å utvide stillingsprosentane - kva blir differansen?

Vi veit at staten tar inn store summar i alle slags avgifter mellom anna, og alle politikarane går ut med kor viktig helse og eldreomsorg er, alle vil arbeide for betre helsestell og eldreomsorg, da betaler dei vel mellomlegget her?

Så har vi skulevesenet. Vi høyrer at elevar har vanskar. Det er for store klassar, for få lærarar, for lite tilrettelagt for kvar enkelt elev. Fleire kuttar ut skulen, dei trivst ikkje, dei slit med psykiske problem. Krava er for store, kvardagane er for tøffe.

Eg les i avisa at no er det færre elevar i Molde-skulane. Elevane blir for «dyre», no må klassar slåast saman, ja, til og med nokre skular kan måtte leggjast ned! Elevane blir for «dyre», har aldri høyrt på maken! No har skulane moglegheit til å ha mindre klassar, fleire lærarar i klassane og til å hjelpe elevane. Dei kan ta seg godt av dei elevane dei har, utan å ha større budsjett.

Som sagt, vi vanlege folk forstår ikkje dette! Det blir sagt ein ting, dei meiner det med heile seg, men dei gjer noko heilt anna! Det skal sparast og sparast, og alt skal leggjast ned! Er det noko som går godt, og det er mykje som går godt, da kan du vera viss på at det skal sparast, slåast saman, leggjast ned.

Dette er ei skam for Norge!

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal