Vi har fått ny ung ordførar med bakgrunn frå planavdelinga i fylkeskommunen. Ingen plass veit dei betre enn der at skal du rekruttere kvinner, småbarnsforeldre og ungdom inn i politikken er møter på dagtid lurt. Forskinga er eintydig.

Forrige kommunestyre kutta antall politikarar og heva lønna til oss som blei igjen. Heile forrige periode blei det på ulikt vis tatt opp behovet for møter på dagtid. Både som spørsmål og interpellasjon der eit stort fleirtal i kommunestyret støtta utgreiing om møter på dagtid. Enkelte politkarar ba seg fritatt frå vervet sitt fordi det blei for stort arbeidspress. Ordføraren kan ikkje ha unngått å ha fått dette med seg. .

Molde kommune har om lag 2 tusen tilsette og 2 milliardar i omsetning. Det forventas at vi ein halv time etter vanleg arbeidstid skal sette oss ned og utover ettermiddag og kveld styre denne store og viktige organisasjonen.

Vi skal starte dei fleste møta kl. 16. Før var det i det minste kl. 17 så ein kom seg heim og fekk i seg middag først. I fleire og fleire kommunar startar dei opp frå morran av og brukar dagen og eit klårt haud på å finne fram til dei beste løysingane.

Rekruttering er ei stor utfordring i helse og omsorg. Å legge til rette for kvinner betyr rett til heiltid og god grunnbemanning. Dyr innleie av vikarar og høgt sjukefråvær er eit symptom på manglande vilje, kompetanse og planlegging av arbeidet.

Kommunen er kvinnearbeidsplass nummer ein. Ikkje minst innafor skole og barnehage. Å legge til rette for at desse er godt representert i styrande organ vil borge for kvalitet på vedtaka som gjeres.

Kommunedirektøren har nettopp hissa på seg dei tilsette i helse og omsorg og har knapt klart å organisere møter i administrasjonsutvalet, som er der ein diskuterer gode tiltak for rekruttering.

Eg ser korleis ordføraren sin gammeldagse måte å styre kommunen politisk på heng i hop med ei manglande administrativ leiing som kostar titalls millonar årleg i drift fordi potensialet hos dei 2000 tilsette ikkje tas ut.

Når ein lurar på korfor færre vil delta i politisk arbeid, færre vil jobbe i helse og omsorg bør ein kanskje tenke nytt? Læraryrket og barnehagane slit med samme problem. Ordføraren og kommunedirektøren kjem ikkje med anna enn gubbevelde og kontroll.

Kjør på tillit heller enn kontroll. Stol på eigne tilsette og la dei komme med sakspapira heller enn dyre utanbys konsulentbyrå.

Men terminlista for dei tre siste åra i kommunstyreperioden er ikkje lagt ut og ordføraren bør ta utfordringa i det politisk praktiske arbeidet med å fornye Molde politisk og administrativt. Då vil sjansen for at nokken vil ta over etter oss gubbar være større. Kanskje ryktet sprer seg og fleire vil komme heim og?

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal