Det er grava til Sverre Riiser, son av Sigvart Marentius Riiser som var prest i Fræna frå 1887- 1900. Sverre var eit av minst tretten barn i Indre Fræna som døydde av difteri, frå hausten 1889 til våren 1890. Trea er blitt vel 130 år og står der som eit monument over vesle Sverre, og dei andre barna som miste livet den hausten og våren. Kjellrun Johanne Remmen skreiv ein artikkel om dette i «Gammalt frå Fræna og Eide», årgang 2021, under tittelen «Difterien herja på Tjønna».

Desse bøketrea er no komne på lista over kulturminne det er verdt å verne i Hustadvika kommune. Det er lauvrike tre, og i november fell lauvet ned på gravplassen. Dei to siste åra har vi vore velsigna med lange godversperiodar i november. Soknerådet har då arrangert dugnadar på kyrkjegarden for å rake saman lauvet i området kring bøketrea, det skjedde no sist laurdag, måndag og tirsdag. Fleire kom og slutta opp om dugnaden, og gav uttrykk for at det var fint å kunne gjere noko for fellesskapet, samstundes som dei fekk god trim og kunne nyte det flotte haustveret. Å rake lauv mellom graver i november kan gje deg nærkontakt med årstida og perspektiv over livet og tilveret.

Når det skal arrangerast dugnad, vert det lagt ut på Facebook – sidene til kyrkjene og sendt ut meldingar til folk utifrå lister soknerådet har laga over fleire år. Det vert naturleg nok, ei utskifting av namn etter som tida går, og vi ønskjer at fleire skal melde seg. Soknerådet har vedteke eit årshjul for dugnadar i kyrkjene Myrbostad og Vågøy og på kyrkjegardane der. Det må til for å halde orden og å ta vare på kyrkjeromma og inventaret. Oppgåvene er mange, det kan til dømes vere sølvpuss, stell av tekstilar, støvtørk, luking og raking utandørs. Dei kyrkjelege tilsette gjer sin del, men det er ikkje mannskap og ressursar til å rekke over alle vedlikehaldsoppgåvene. Om du kan tenkje deg å stå på ei slik liste og gjere ein innsats for fellesskapet i bygdene våre, ta gjerne kontakt med underteikna eller med kyrkjekontoret i Elnesvågen.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal