Det er sommar og ferietid. For mange er gode sommaropplevingar knytta til båtferie. Kvart år skjer det ulykker i samband med båtbruk i ferien, og ofte er alkohol medverkande til uhell.

Det er promillegrense for båtførarane, men all bruk av alkohol verkar sløvande. Det er derfor best om båtførarane er alkoholfrie. Det gjev best aktsemd. På sjøen kan det lett skje ulykker som skuldast vêr og vind, eller andre sjøfarande. Alle som ferdast på sjøen kan vere utsette for farar, og det er derfor best om alle er edruelege og mest mogeleg aktsame. All bruk av alkohol – óg i små mengder – er sløvande. IOGT rår derfor til at alle sjøfarande tek båtturane utan alkohol.

I fjor døde 88 personar i drukningsylykker i Noreg, så langt har 38 menneske mista livet i drukning i første halvår 2023. Ikkje alle desse ulykkene skuldast alkohol eller båtbruk, men mange av ulykkene er relatert til alkohol. Det viser at det kan vere behov for å vere edru når ein ferdast på sjøen, eller når ein badar.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal