På Mjølkill (Melkild) har vi opplevd at kommunen vår, Sunndal, i 2018 godkjende ei sjøarealplan som vi ikkje er blitt informert om. Forløparen til kjennskapet om denne sjøarealplanen har vore striden om torskeoppdrettsanlegg i Ålvundfjorden. Vi veit no at arbeidet med denne sjøarealplanen tok til i 2013, med medarbeidarar i Sunndal kommune som sentrale, utan at innbyggjarane i kommunen var informert om og kunne delta i arbeidet med ein slik sjøarealplan, eller vart informert i ettertid. Og no i februar 2022 oppdaga vi det sjølv, utan noko informasjon om saka verken frå kommunane som har vore med, eller frå fylket, som har hatt det administrative ansvaret for denne sjøarealplanen.

Denne sjøarelaplanen inneheld at omtrent ein tredjedel eller fjerdedel av det sjøarealet som grunneigarane på Mjølkill har rettar i, er avsett til oppdrettsanlegg. I tillegg til grunneigarane er det fleire hytteeigedomar og ei mengd fritidsfiskarar frå størstedelen av Sunndal kommune, som har interesser i dette avsette sjøarealet, eit at dei mest tilgjengelege og intakte strandområda i Sunndal kommune utanom Ålvundfjorden. For det har nokre av dei rikaste fiskemed og grunner med overlevingsområde og gytingsområde for fisk i Sunndalsfjorden. Det er innsigsområde for fisk frå havet, minkande, men framleis eksisterande. Dette området har altså sjøarealplanen utan vidare avsett til fiskeoppdrett. Og blir det fiskeoppdrett der, vil sjølvsagt desse fiskemeda, gyteområda og overlevingsområda for fisk, bli gjort til inkjes for all uoverskueleg framtid. Dette vil redusere verdien av alle eigedomane, fjerne interessa frå frididsfiskarar  i kommunen og redusere nytten av området for andre friluftsinteresser i Sunndal kommune. Det gjeld mellom anna fleire badeplassar og rekreasjonsområde.

Eg er ikkje prinsippell motstandar av oppdrettsanlegg. Men skal slike opprettast,  må det sjølvsagt garanterast at dei ikkje øydelegg noko natur og naturressursar av betydning. Det er allereie klart at det vil eit slikt anlegg gjere i dette området ut frå det som er sagt ovanfor. Og viss anlegget representerer auka ureining av fjorden i tillegg, vil det kunne få øydeleggjande konsekvensar også for resten av Sunndal kommune sine sjøareal. Etter at den omfattande ureininga av fjorden frå aluminiumsverket vart stadfesta, vart det forbode og frarådd å ete sjømat frå fjorden i lange tider. No er ikkje ureininga lenger ifølgje mattilsynet så omfattande. Men ureininga ligg der framleis på botnen, det blir framleis slept ut ureining frå aluminiumsverket og andre bedrifter, og det er ikkje gjennomført undersøkingar som garanterer at fjorden frisknar til enn nokre få overflateprøver heilt inst i fjorden. I dei undersøkingane som er gjorde, er det dessutan eit gjennomgangstema at talet på artar i fjorden minkar, og at individtalet på dei artar som framleis finst, går ned. Det gjeld også dei aller siste rapportane, som er finansierte av aluminiumsverket.

På Mjølkill er vi også utsett for ei anna ureiningskjelde enn aluminiumsverket, andre bedrifter og avrenning. Straumane i fjorden går nemleg innover fjorden frå Raudsand på sørsida og andre vegen på nordsida. Og på Raudsand er det ikkje rydda opp etter tidlegare utslepp og avrenning til fjorden. Og det er gjeve utleppsløyver på Raudsand som vil forseinke reingjeringa av fjorden. Reingjeringa av fjorden var tidlegare eit mål ved at ein satsa på at nye sediment ville dekke over den enorme ureininga frå aluminiumsverket. Det synest alt å vere gløymt med sjøarealplanen påbegynt i 2013. Fjordane våre er i ferd med å døy, no i den siste tida illustrert med mykje stoff om Oslofjorden. Men det gjeld alle fjordane våre, og i stor grad Sunndalsfjorden/Tingvollfjorden. Og miljøstyremaktene våre har ikkje kapasitet eller politisk vilje attom til å sørgje for at denne dauden ikkje blir sluttproduktet.

Vil innbyggjarane i kommunen at det skal vere slik? Eg veit om fleire som meiner at vi må ha ny verksemd og aktivitet i kommunnen skal vi overleve og ha framgang. Det er eg eining i. Men ein kan ikkje i det arbeidet setje naturen vår og naturressurane våre på spel. Da blir det berre dauden og ruinen att til slutt. Og det ligg ikkje føre nokon undersøkingar om at så ikkje skjer per dato.

Desse sjøarealplanene vedrører og Tingvoll og Molde kommunar.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal