– Eg har ingen rundt meg. Det er bra, for då er det ingen som vert utslitne av å hjelpe meg - om eg skulle få demens. Eg håper forresten at fastlegen min oppdagar demensen i tide…

– Det vert sikkert ein opptur om eg kjem på sjukeheim. Der får jeg kost og losji, mykje selskap og dusj ein gong i veka. Eg ønsker å flytte dit saman med kona. Vi kjenner jo kvarandre….

– Eg er enno ung, men har tenkt ein del på korkeis det kjennest å verte gamal i Molde….? Er det stas, eller vert eg berre gløymt…?

– Sidan eg lever aleine, kan eg ikkje forvente at nokon kjem og ser til meg om eg vert sjuk. Eg vert av og til litt uroleg av å tenke på det. Samtundes vil eg jo ikkje vere til bry…

– Eg er 90, og har ikkje så mange vener. No tenker eg at eg må begynne å gå ut litt meir, kanskje finn eg nokon som vil vere saman med meg…? Men om vinteren må eg halde meg inne.

SV vil ta folk på alvor. Om det er sjukeheim ein eldre treng, skal han få det. Treng ho meir hjelp heime for å klare seg, må vi legge til rette for det. Treng dei pårørande rundt den sjuke avlasting, må dei sleppe å vente vekesvis på det. Kanskje dei pårørande treng nokon å snakke med.

Molde SV vil være ein pådrivar i å skape eit varmt og inkluderande lokalsamfunn, der alle vert sett. Alle som har behov for oppfølging, skal få merke at kommunen bryr seg. Dersom ein ikkje er i stand til å ivareta seg sjølv, skal kommunen ha gode ordningar som fangar det opp.

SV vil ha kvalitetssikra helse- og omsorgsarbeidet i Molde kommune.

SV vil bidra til å bygge ein kommune som bryr seg.

SV vil lytte til brukarar og pårørande.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal