Aukra KrF ønskjer ein offensiv klima- og miljøpolitikk for å skape økologisk bærekraft også for komande generasjonar. Miljøperspektivet må integrerast i alle sektorar. Menneskeskapte klimaendringar er ei av dei største utfordringane vi står ovanfor. Vi må tenke globalt og handle lokalt. Vi må ha som mål å overlevere planeten vår til etterkomarane våre i betre stand enn vi overtok den. Det krev handling! Vi i Aukra kommune må ta vår del av ansvaret.

Klima -og miljøplan må følgast opp.

Aukra KrF vil at Aukra kommune skal føre ein offensiv miljø- og klimapolitikk. Den beste måten vi kan gjere dette på er å følgje opp klima- og miljøplanen Kommunestyret vedtok 16. desember 2021. Planen er svært godt utarbeid og offensiv. I innleiinga til planen står det mellom anna:

«Aukra kommune ønskjer å vere ein aktiv deltakar og medspelar i arbeidet om å nå Norge sine mål i ein berekraftig klimapolitikk, og å vere ein pådrivar for at innbyggarar, næringsdrivande og andre skal gjere miljøvenlege val. Aukra kommune må ta sin del av ansvaret for å nå dei nasjonale utsleppskutta og miljømål elles, og kommunen må førebu seg på ei langsiktig omstilling til eit samfunn med låge utslepp.

Aukra kommune sin klima-og miljøplan skal stake ut ein kurs for korleis kommunen skal kunne nærme seg dei nasjonale klima-og miljømåla og berekraftsmåla som Noreg har forplikta seg til».

Aukra KrF vil ha fokus på energibruk, transport og avfall.

KrF vil ha fokus på at målsetjingane i klima- og miljøplanen blir fulgt opp gjennom mellom anna årlege revideringar. Måla i klima- og miljøplanen er knytt opp mot kommuneplanen sin samfunnsdel og har eit tydeleg fokus på Aukra sine visjonar for 2030. For KrF er det viktig å ha fokus på å skape gode haldningar til spørsmål knytta opp mot klima- og miljø. Gode og bevisste haldningar blir skapt allereie i barnehage og skule, vidare vil vi sjå at ein både i kommunal sektor og i det private har ansvar for å bidra. Vi ønskjer å ha fokus på energibruken i kommunale bygg, transport og avfall og at vi forvaltar naturen og det biologiske mangfaldet i kommunen på ein berekraftig måte.

Konkret ønskjer Aukra KrF at all kommunal og privat verksemd skal ha fokus på energisparing. Vi ønskjer at alle nye bilar som blir innkjøpt til kommunen skal vere nullutsleppsbilar, at kommunen reduserer plastforbruket sitt og har tydeleg fokus på matsvinn. Vi ønskjer og å motivere for at endå fleire brukar sykkel eller går i kommunen vår. Aukra KrF vil og krevje, vi trur det er viktig og motiverande, at Aukra kommune legg fram årlege miljøregnskap, først då har vi oversikt over om vi når måla vi har satt oss.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal