Det har vore, med rette, stilt spørsmål om kommunen har følgt reglane til innkjøp av tenester. Etterkvart har det blitt stilt andre spørsmål om kven som kan uttale seg kor om denne saka. Her er noko av det eg lært av denne saka:

1.     Folk som arbeider i media, forsvarar folk som arbeider i media.

2.     Folk som arbeider i kulturlivet, forsvarar folk som arbeider i kulturlivet.

3.     Folk som er politikarar, forsvarar andre politikarar.

4.     Sjølvkritikk sit langt inne, for alle desse gruppene.

5.     Molde kommune har truleg brote reglane for korleis innkjøp med desse store summane skal gjerast.

6.     Romsdals Budstikke bør sjølvsagt skrive i avisa når reglar kan ha/har blitt brotne. Det er ikkje problemet - og eg kan ikkje sjå at nokon har skrevet det heller.

7.     Romsdals Budstikke har, i ein av dei første artiklane mellom anna skrevet at ein «Risikerer brudd på hvitvaskingsregler», utan å presisere at det ikkje finst noko grunnlag for mistanke mot Odd Fellow eller Lions Club for dette. Såpass rause kunne, og burde Romsdal Budstikke vore. I staden etterlet ein seg eit inntrykk av at «... tja.... kanskje... kven veit...».

Og ja, det var eit sitat av ein tilsett frå kommunen, men journalisten kunne ha følgt opp med eit spørsmål om nettopp dette, og fått det avklart.

8.     Kanskje burde ikkje ein ordførar kritisere ei lokalavis eller sine eigne tilsette i ei lokalavis, eller legge ut lesarinnlegg om saka på kommunen sine nettsider. Kanskje nokon andre burde ha gjort det. Til dømes kunne eg skrevet eit lesarinnlegg. Eg vart nemleg rimeleg oppgitt over dei første artiklane om denne saka, over mangelen på rausheit overfor den store viktige jobben Odd Fellow og Lion Club har gjort i mange år. Joda, Odd Fellow har sjølv har fått komen til ordet for å seie noko om jobben dei har gjort (i starten av denne saka). Men ingen andre sa det, i Budstikka.

9.     Men, ein positiv ting kom i alle fall ut av ordføraren sitt lesarinnlegg – redaktør Ole Bjørner Loe Welde sitt tilsvar. Der skriv han mellom anna at «Odd Fellow og Lions Club har gjort en stor og viktig jobb for kommunes eldre. Det er ikke deres skyld at kommunen ikke har hatt oversikt over avtalenes omfang, og lovkrav som følger med. De to organisasjonene har utført en jobb, og fått betalt for det».  Dette kunne vore presisert frå første stund. Då hadde det ikkje vore naudsynt for ordførar eller andre å kommentere nettopp dette. Eg tolka utsegnet til redaktøren som det nærmaste Romsdals Budstikke vil kome med ei orsaking overfor Odd Fellow / Lion Club. Og den er heilt på sin plass.

10.  Laurdag kom det ein ny artikkel på rbnett.no, med overskrifta: «Ordføreren burde tvert imot applaudere dette – Han må gjerne kritisere journalistikken i Romsdals Budstikke, men da må han gjøre det på riktige premisser, sier Arne Jensen i Norsk Redaktørforening». Seinere i artikkelen står det: «Han presiserer at han kun kjenner saken gjennom det ordføreren har skrevet – i tillegg til redaktør i Romsdals Budstikkes tilsvar»....

Eg ville tru at «riktige premisser» er å kjenne heile saka. I mitt hovud held det ikkje å seie frå at ein ikkje kjenner heile saka, men likevel vete kva konklusjonen bør være.

11.  Kanskje nokon burde kome seg opp av skyttargravene, og diskutere den viktigaste saka - nemleg at eldre skal få tilkøyrd mat.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal