Ordfører Torgeir Dahl har frekkhetens nådegave. Utspelet i Romsdals Budstikke fredag er eit klassisk døme på å flytte fokus vekk frå kva saka handlar om.

Nedskalering av antal forvaltningseiningar i NAV Arbeid og ytelser blei bestemt av Arbeids- og velferdsdirektoratet i november 2018. Beslutninga om å redusere talet på lokasjonar skjedde altså under Solberg-regjeringa. Og det var ikkje einaste beslutninga om samanslåing som skjedde med Høgre i regjering.

Ordfører Torgeir Dahl og Molde Høgre har altså hatt nesten fire år på fikse dette med eiga regjering, men det ser no altså ut til at ordføraren har venta til regjeringsskifte med å ta bladet frå munnen.

Molde Arbeiderparti lurar da på om Molde Høgre i det heile tatt kom seg på bana i denne saka? Det må vere mangel på gjennomslag i eige parti som gjer at Molde Høgre no på overtid prøver å få fokuset vekk frå resultatet av eiga regjerings politikk.  Politisk styring av samanslåing av NAV-kontora måtte ha skjedd på Høgres vakt i regjering, og det kan sjå ut til at Høgre ikkje var interesserte i det.

Vi er derimot enige med ordføreren i at Møre og Romsdal treng fleire nye statlege arbeidsplassar.

Hege Merethe Gagnat

Leder, Molde Arbeiderparti

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal