Fagrørsla har fremma rettferdige og ansvarlege krav i en tid kor hundretusenar av nordmenn slit med å betale rekningane sine.

Det er ikkje rimeleg at arbeidsfolk skal gå ned i levestandard samstundes som det er leiarlønsfest på toppen og vi årleg set ny rekord i antall milliardærar.

Streiken er ein viktig kamp for dei lavtlønna gruppene i samfunnet. Konflikten skuldast først og fremst at landets rikaste over tid har vist en total mangel på moderasjon og å ta samfunnsansvar. Dessverre blir nå ein del små og mellomstore bedrifter som sjølve slit med auka prisar, ramma av konflikten.

Også regjeringa må ta sin del av ansvaret for at vi nå får en storkonflikt. Det er eit politisk ansvar å holde prisane under kontroll. Ikkje minst har ein feilslått marknadsstyrt og stram politikk over tid bidratt til å skvise både arbeidsfolk og næringsliv. Når verken folk flest eller mange bedrifter har særleg mykje å gå på, seier det seg sjølv at det blir tøft.

Ei rekke LO-topper har bedt regjeringa komme på banen for å hjelpe oppgjeret i hamn, til dømes ved å ta kontroll over straumprisane. Dette har blitt avvist av statsministeren. Resultata ser vi nå!

Raudt har gått inn for å redusere matmoms for å minske presset på prisstigninga og å bidra til auka kjøpekraft. Auka rente blir brukt som trugsmål mot reallønsvekst og mot tiltak for å gje meir til dei som har minst frå før.

Rødt Molde er også kritisk til ein rentepolitikk der renteauke er einast aktive verkemiddel mot inflasjon. Auka rente påverkar kjøpekraft og ikkje minst ramme auka rente både trygda og pensjonistar i form av auka husleige og bukostnader. Rødt Molde meiner at dei varsla renteauker frå Norges Bank må stoggast og at auka rente også må innarbeidast i konsumprisindeksen.

Det er på høg tid at arbeidsfolk får sin part av verdiane dei sterkt har bidrege til å skape!

Rødt Molde ynskjer fagrørsla til lukke til med å vinna konflikten!

Rødt Molde

Kjartan Kvellestad Leiar

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal