Etter 16 år i kommunestyret, 12 i formannskapet og dei 4 siste som varaordførar, så betyr det at eg har brukt ein god del av dei siste 16 år på politikk. I tillegg har eg hatt fleire år i Fylkesstyret for Arbeiderpartiet, vara til både eldreråd og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne i fylket. Og dei siste fire åra også som nestleiar i KS sitt fylkesstyre.

Dette har vore ei sann glede!

Eg trur ingen har høyrt meg sagt at det har vore slitsomt.

Dette har vore mitt bidrag for å ta eit samfunnsansvar.

Og ei stor ære å få tillitt frå folket til alle desse verva.

Mi drivkraft har vore folk.

At folk skal kunne ha så gode liv som mulig, og at du uansett kven du er, skal kjenne deg verdsett.

Derfor kjem heilt naturleg spørsmålet, nettopp frå desse folka; kvifor gir du deg? Kvifor er du ikkje med vidare? Kvifor tok du ikkje gjenval?

Fordi den naudsynte telefonen aldri kom.

Den ein kvar politikar treng å få, for å kunne vurdere om ein kan stille som kandidat.

……

Sjølvsagt har det vore både leit og vondt.

Men eg er ikkje innretta slik at eg dveler over det leie.

Tvert imot gler eg meg over alt eg har fått delta på.

Det er med både vemod og stoltheit eg takkar for tillitt gjennom desse åra.

Kanskje først og fremst at eg aldri gav meg på at det er mulig å få til hydrogensatsing i Aukra.

Vi måtte tenke nytt når Aukra bruk vart nedlagt. Eg er svært glad for det politiske vedtaket i kommunestyret som kom til slutt. No må tempoet opp, og framtida må jobbe for at dette gir Aukra og regionen eit nytt industrieventyr, som der igjen gir grunnlag for gode kommunale tenester.

Etter 16 års erfaring, er eg no krystallklar på at Aukra treng ein næringssjef som pådrivar, i tillegg til alle andre gode krefter. Det brukte eg tid på i formannskapet i går, og vil foreslå det til Kommunestyret i neste veke.

Og med eigenerfaring, og mest med tanke på alle, er eg svært glad for at vi ikkje lenger trur at alle har familie rundt seg, som kan stille opp og passe bornet ditt når du må vere på jobb.

Heiltidskultur, at alle kan ha høve til å ha 100% fast stilling er avgjerande. I tillegg er eg svært glad for at SFO no er heilårsope i Aukra.

Og eg er også glad for det gode arbeidet og samarbeidet det har vore i Administrasjonsutvalet, både i denne og tidlegare periodar. Her har vi lagt føring både for vedtak om arbeidsmiljø og at Devoldrapporten( gjennomgong av tenestene til menneske med nedsett funksjonsevne frå eit økonomimisk perspektiv) vart lagt vekk i Aukra.

Det eg ikkje er glad for er at fleirbrukshuset i Julsundet aldri vart som eit fleirtal i Kommunestyret vedtok, nemleg festsal i 2.høgda med havutsikt.

Og at Mevoldtunet ikkje vart det vi ville. Heildøgn omsorg, med bl.a frisør, og kafe.

Eller at vi ikkje fekk fleirtal for å sette av 7,5 million pr år i økonomplanperioden(4 år) ved budsjetthandsaminga i des-22.

Men i mai i år fekk vi fleirtal for at Mevoldtunet skal utvidast med omsorgsbustader/bufellesskap, og eg purra administrasjonen på dette seinast i Formannskapet i går.

…..

Da eg første gong vart spurd om å stå på liste for 20 år sidan, vart eg fortald at vi måtte få fleire politikarar frå Julsundet, for Gossen fekk det meste.

Dette ville eg ikkje tru på. Og gjekk inn med ope sinn.

Eg har prøvd.

Prøvd å få oss alle til å snakke AUKRA.

Likevel ser eg jamvel at toppkandidtar ved årets val skriv «Me på Gossen vil ha».

Det ER ei reell utfordring dette.

Ingen av årets toppkandidatar bur i Julsundet. Det er ikkje sunt.

I førre periode var vi 7 folkevalde frå Julsundet i Kommunestyret.

Denne perioden 5. Av 21 medlemmar. Det er skeivfordeling når 1/3 av folket bur på fastlandet.

Eg vonar at dei som skal styre Aukra skuta framover, forstår at for å få til kjensla av tilhøyrsle og identitet, så må dette takast på alvor.

Avslutningsvis vil eg takke for alle menneskemøter politikken og mine politiske roller har gitt meg.

Livet har vore rikare med ein folkevalddimensjon.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal