Kommunedirektøren har lagt fram til politisk behandling ein klima og energiplan. Molde formannskap vel å utsette høyringa om klima og energiplanen etter forslag frå Høgre. Berre Molde SV sine to stemmer i formannskapet stemte i mot å utsette.

Molde Høgre foreslår, og får fleirtal for, å utsette planen fordi dei vil ha med temaet "Molde som kraftkommune". Dette er godt omtalt under fleire punkt i planen. Til dømes under «potensiale for fornybar energi.» Kva utsettinga vil få å seie for om vi klarer å komme i gang med dette viktige arbeidet veit vi ikkje.

Eg spurte Høgre om kven som skulle greie ut det dei vil vete, men det kom ikkje nokke bra svar. Eg meiner at vi i det minste må bruke eigen ekspertise i Istad AS, som vi eiger, og ikkje ut å leie inn dyre konsulentar. Kommunedirektøren svarte på spørsmål frå meg at å få behandla planen før sommaren var tvilsamt om det skal ei heil ny høyring til.

Eg tenker at Høgres forslag er rein trenering av det viktigaste arbeidet dette kommunestyret skal legge til rette for og starte opp. Om vi lukkast før sommaren kan neste kommunestyre ta fatt på og sette ut i livet alle tiltak som skal få mine utslepp av CO2 ned frå 11,5 tonn per år til 6 tonn innan 2030. Ohoi vi har det travelt om vi skal få dette til, men då kan vi ikkje la Molde Høgre spenne krokfot på framtida vår!

Som om ikkje dette var nok klare ordføraren i møtet å rote det heile skikkeleg til med å, etter at saken var utsett, å behandle fleire oversendingsforslag som han har vore med å laga.

Fleire av desse bar preg av at ordføraren reie senga slik at Molde Senterparti skal være i lag med Høgre etter valet og ikkje gå inn i eit rødgrønt fleirtal. Spørsmålet er om Senterpartiets grøne veljarar vil gå imot forslag, som må til for å få ned utsleppa, og få eit landbruk som levere jorda vidare til neste generasjon i betre stand.

Fleirtalet ville ikkje ha gode forslag som:

• Molde kommune skal forvalta skogbruksareal, dyrkamark, våtmark (myr) og andre landareal som karbonlager. Ikkje foreta nydyrking av myr.

• Molde kommune skal alltid velja ombruk.

• Molde kommune skal leggja til rette for auka ombruk av kleder og utstyr for innbyggjarne.

• Molde kommune er arealnøytralt frå 2025

Etter mitt syn er alle desse forslaga gode. Men det som er alvorleg er at fleirtalet legg seg etter enkeltpunkt og forsenkar planen. Vi kan godt ta debatten om enkeltpunkt, men då må ein ha respekt for heilheita i planen og ikkje utsette han.

Ser ein på rapporten frå kommunedirektøren om medvirkingsprossen som ligg ved saken blir ein glad. Folk flest i Molde har masse gode idear og vilje til handlingsendring for å nå klimamåla. Det står berre på at vi politikarar fatte vedtak som blir sett ut i livet. Verre er det ikkje.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal