Dei siste 50 åra har talet på individ i naturen vorte halvert på global basis. I vatn, på jorda og i lufta. Mange artar er utrydda. Det er en viss samanheng med klimaendring, men ikkje berre. Mennesket si nedbygging av natur er nok den viktigaste årsaka, der me øydelegg leveområda til levande vesen i naturen.

I Noreg er vel samferdselsprosjekt den største forbrukaren av urørt natur. Ønskjer me det slik? Det ser ut til at planleggjarar og politikarar durar fram som om ikkje noko har hendt. Vegen skal fram!

Me tek klimatrusselen på alvor, men tek me trusselen mot naturen på alvor? Gjer me det i praksis?

No er Atlanterhavsvegen og Nordøyvegen ferdig.

Neste som står for tur er Kjerringsundet. Desse holmane som listar seg så stille frå Otrøya til Gossa.

Frå Gauset mot Kjerringsundet. Foto: Gunnar Hallsteinsen

No jobbar nokre for å bygge veg her, tette vannløpa mellom holmane og fylle med stein. Steinmasse er billigare enn bru. Då er valet enkelt.

I Kjerringsundet er det fire holmar, Bollholmen,  Forholmen, Flatholmen, Kjerringholmen. Dei er enno urørte av inngrep, er berre natur. Det same gjeld sjøen rundt dei.

Alle landskap har sin eigen venleik. Dei pregar oss, gjer oss tilhøyring og oppleving av ro i sinnet. Me tenkjer kanskje ikkje så mykje over det i det daglege. Fylket vårt er velsigna med mykje særprega landskap, fjell, fjord, kulturlandskap og kystlandskap. Det gir au tilhald for anna liv i vatn, på land og i lufta.

Landskap og natur vert ikkje gitt særleg verdi i vurderingane i planprosessane som vert lagt til grunn for utbygging av bygg og anlegg.

Kystlandskapet vårt har i dei siste åra vorte øydelagt og truga av vegprosjekt. Det gjeld Atlanterhavsvegen, Nordøyane-sambandet og Kjerringsundet. Dei vakraste av kystperlene. Øyer og holmar på rekkje og rad. Så vakre. Kven kan unngå å bli rørt? Om du har auge og hjarte …

Bruer, tunellar og steinfyllinger. Hardt og brutalt. I planprosessane som legg grunnlag for prosjekta er landskap og natur kalla for «ikkje prissette konsekvensar». Et teljesamfunn der berre det som kan teljast har verdi. Det er vel gått ut på dato no etter Montreal-avtalen!

Folk er ulike og har ulik vurdering av verdi. Nye generasjonar vil kanskje vurdere det ulikt, men naturøydelegginga er irreversibel.

DEN STØRSTE RESSURSEN ME HAR, SOM ER VARIG, ER URØRT NAUR, IKKJE VEGAR OG FYLLINGAR!

Gunnar Hallsteinsen

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal