Midsund får ikkje kommunedelsutval sjølv om SV foreslo det i kommunestyret. SV foreslo og at vi bør starte utgreiing om å slå i hop Aukra og Midsund etter at Aukra har bestemt seg for å invitere Midsund til å bli ein del av kommunen. Folk i Midsund søkte om dette. Vi fekk stemmer frå Frp og Rødt så eg trur vi har bredda med oss.

Midsund har Næringsfond for marin og maritim sektor (gjelder heile Molde) og Næringsfondet for Midsund. Kommunedirektøren argumenterar med at det berre er om lag 400 tusen kr å fordele her i året så ingen vits i å ha eit utval.

Stortinget oppretta i 2015 Havbruksfondet noko som gjer om lag 12 millionar i inntekt til Molde i året. Fordelinga her skjer etter biomasse av oppdrettsfisk og brorparten i Molde kommune ligg nok her i Midsund. Fondet er basert på å kompensere ulemper og ein slags grunnrenteskatt som skal tilfalle dei lokalt som har ulempe.

I dag sitt vi i teknisk styre og behandlar søknadar til dei to fonda noko eg finn lite tjenleg. Midsundingane burde ha styrt dette sjølv. Med Havbruksfondet og dei to andre fonda i eit utval etter modell frå Nesset valt av kommunestyret i Molde ville vi få ekte lokaldemokrati.

Lokal kunnskap og vilje til å satse på ungdom trur eg ville komme meir fram då og effekten på lokaldemokratiet i kommunen trur eg vil være positiv.

Haram kommune har gjenoppstått og folk i gamle Sandøy kommune søker seg til Aukra og Romsdal.

Kommunalminister Erling Sande kan reie botnen for at vi får ein Utasund kommune i øyriket Romsdal når han snart skal bestemme seg om han vil ha lokalt sjølstyre på romsdalskysten. Vil han sleppe Sandøy fri frå Ålesund så dei kan komme heim til Aukra?

Orta er allereie på plass.

Då kan ikkje vi romsdalingar sitte rolig i båten og sjå på at romsdalskysten styres frå Ålesund.

Molde kommunestyre har nekta midsundingane folkeavstemming, kommunedelsutval og utgreiing om å bli ein del av Aukra.

Kva er ein redd for? Lokaldemokrati er ikkje farlig og ei utgreiing skadar ingen. Kommunedelsuval vil ein ha nytte av enten Midsund blir i Molde eller fer til Utasund kommune i øyriket Romsdal.

Bjørn Jacobsen kommunestyrerepresentant SV

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal