Det ser vi av kommunestyrevedtak, men og frå avisoppslag. Eit vedvarande stort driftunderskot på helsesida har vi slite med lenge og av nyare dato er det no vedtatt 20 millionar nedskjæring i skulebudsjettet.

På fleire område har kommunen no problem med å halde seg innafor lovpålagte retningsliner og då er det forståeleg at ein leitar med lykt og lupe for å nytte ressursane best mogleg.

Eg vart ikkje så lite forundra då eg såg at formannskapet no går inn for å opprette ein ny privatskule i byen, noko som er frårådd både fagleg og av kommuneadministrasjonen.  Kva signal sender ein til skulesektoren når politikarane samstundes påfører oss aukte utgifter ved å opprette ein ny privatskule.

Ein felles skule for alle gjer eit godt miljø for elevane og den beste læringa totalt sett.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal