Ein del av jobben er å redusere konfliktnivået rundt store rovdyr. Naturvernforbundet har vore til stades i ganske mange av nemnda sine møter som observatør gjennom nærare 15 år. Vi sitt med eit inntrykk av at konfliktdemping skjer ved at jaktkvotane blir større og forvaltingsområde for rovdyra blir mindre. Dette må jo då vere ut frå at det er beitenæringa som lir mest og dermed treng mest hjelp for å redusere konfliktane. Er det slik det er? Vi får det ikkje til å stemme. Det er rovdyra som slit mest. Dei er stadig for få samanlikna med forvaltingsplanen, og i alle fall samanlikna med det ein trur er deira behov for å overleve som art i Noreg og levere dei økosystemtenestene som andre delar av naturen treng. Men det kan vere at vernesida ikkje skrik like høgt som beitenæringa.

25. mai handsama rovviltnemnda fleire saker som går inn i kjernen av dette. Det handla om jaktkvote for jerv til vinteren, kvote for skadefellingsløyve for bjørn og skadefellingsløyve for gaupe, jerv og ulv. Det førte til 11 klager frå vernesida, ingen klager frå beitenæringa.

Vi prøvde å huske etter når sist beitenæringa var så misnøgde at dei klaga. Vi måtte ha hjelp frå Statsforvaltaren som er sekretariat for rovviltnemnda. 10 år med protokollar er sett gjennom.

Ein må heilt tilbake til 2015 for å finne klager frå beitenæringa. Tema var at det blei kvotejakt og ikkje fri jakt i store delar av Møre og Romsdal det året som følgje av at ei gaupeyngling frå Romsdalen måtte teljast med for å nå bestandsmålet året før.

Kva fortel dette? Rovviltnemnda køyrer eit opplegg der beitenæringa ikkje klagar. Naturvernsida må klage ganske ofte. Kan det vere fordi noko er skeivt?

Klager må grunngjevast. Når berre den eine sida klager, er det dei som stadig må grunngje klagene. Det er ganske mykje arbeid.

Til hausten skal det veljast nye nemnder. Det er tid for at dei nye representantane speglar samfunnet betre. Halvparten av dei som røyster vil ha fleire rovdyr enn det nemnda har lagt opp til.

Nemnda bør også gjere vedtak litt meir «midt på» slik at beitenæringa også må klage og grunngje sine synspunkt.

Sjølv om vernesida ikkje skrik så høgt, så er det viktig at konfliktnivået blir redusert, og då må nemnda levere også til vernesida.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal