Eg har heller ikkje eit kontor i blank palisander der eg sit bak støydempa vegger og slår fast at eg ikkje hører noko frå Midsund. Eg kan i det store og heile ikkje spelereglane for politikken i Molde, og eg håper eg aldri lærer meg dei. Det er eit skittent spel og den 23. januar sette du meg i sjakk matt. Når du møter ei bekymringsmelding frå ein borger, ikkje ein politiker, med dine uttalelser så vinn du på walkover: Denne borgeren makter ikkje meir, all motivasjon, alt engasjement og all tru på at du ønsker å gjere begrunna vedtak med god innsikt er borte.

Tenk hadde du svart på anrop eller gått med på eit møte, Trygve. Du kunne risikert å få hørt at initiativet grunner ut i ei djup bekymring for midsundsamfunnet. Tenk hadde du lest vedtaket frå Aukra, Trygve. Du kunne risikert å sjå at det ikkje nemner Kjerringsundet. Kvifor skulle det gjere det; ei enkel endring i fergesamband knytter saman øyene. Tenk hadde du lest historikken, Trygve. Du hadde sett ei overveldande folkevilje som vil til den kommunen som no ønsker oss velkomen. Om du i tillegg hadde lest litt fylkesstatistikk, leserinnlegg og tatt nokre bedriftsbesøk så hadde du nesten kunne tatt eit begrunna val.

I Midsund gret folk da kommunen vart avvikla. Kor mange i moldepolitikken din gret over lokalsamfunnet sitt, Trygve? Kvifor er du så redd for å gjennomføre ei folkeavstemming?

Du risikerer kun å sjå med eigne auge, svart på kvitt, eit øysamfunn med stor tilhørighet og samhold, eit lokalsamfunn som kunne blitt røkta så mykje betre, eit lågmælt folk som lett blir dempa av glass og palisander. Ein må reise langt for å finne noko lignande. Eller kanskje ein berre må over Kjerringsundet?

Det er berre å spørre om du lurer på noko, Trygve. Om det er noko du vil vite.

Harald Akselvoll

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal