Den norske kyrkja er inndelt i bispedøme, prosti og sokn som dekker heile landet. Prosten er ein mellomleiar i kyrkja, som leier prestetenesta i sitt prosti.

I Møre bispedøme har der tradisjonelt vore sju prosti: to på Nordmøre, to i Romsdal og tre på Sunnmøre. Indre Romsdal var det minste av dei, og då Nesset gjekk inn i Molde kommune, gjekk dei også kyrkjeleg sett over til Domprostiet. Då blei der att berre to prestegjeld (Vestnes og Grytten), med berre 4 prestar utanom prosten. Det er ei for lita eining.

Dei siste åra har ikkje Austre Sunnmøre prosti hatt sin eigen prost, men vore mellombels samanslege med Nordre Sunnmøre. Det er ei altfor stor og uoversiktleg eining. Ein passeleg storleik på eit prosti er på mellom 10 og 20 prestestillingar. Dette fordi prestane i eit prosti arbeider i vår tid tettare ilag med kvarandre meir enn dei gjorde før om åra. Også dei andre tilsette i kyrkja: kateket, organist, diakon, trusopplærar og kyrkjetenar har gjerne også fleire kyrkjelydar i sitt tenesteområde.

No skal dei framtidige prostigrensene snart ut på høyring i kyrkjelydane og mellom dei tilsette i kyrkja. Eg vil setje fram forslag om å opprette ei ny prosti-eining med prostesete i Ørskog, og som dekker dei midtre delane av bispedømet vårt. Eit passeleg stort prosti kan ha med kyrkjesokna i Sandøy, Haram, Skodje, Ørskog, Stranda, Fjord, Sykkylven, Vestnes, og gjerne også Grytten (Rauma), om dei sjølve vil det. Det blir stort i utstrekning, men om prostesetet blir plassert i Ørskog, har alle rimeleg kort veg. I Ørskog har dei ei stor, heilt nyrestaurert kyrkje, og aller viktigast: eit kyrkjeleg senter på Kyrkjetorget like ved kyrka. Der er det både kontorplass til prost og prostesekretær, tenleg samlingslokale og kjøkken, og ganske sikkert til ei overkomeleg husleige. Eit slikt prosti midt i bispedømet vårt har passeleg mange tilsette til at ressursane kan brukast på ein tenleg måte. Lat fogderi vere historie, og lat oss sjå framover. Kva med eit Midtmøre prosti?

Per Inge Vik, for tida vikarprest i Vestnes, busett i Tennfjord

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal