I Møre og Romsdal foreslår politikarar ein reduksjon på 136 millionar kroner i administrasjon i fylkeskommunen. Det betyr, i følgje fylkeskommunedirektøren, ei  nedbemanning på 30 prosent. Politikarane sin strategi, basert på Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti, er å satse på naturleg avgang. Fylkeskommunedirektøren peikar på at det kan være vanskeleg å nå målet, mellom anna fordi ikkje alle over 62 ønskjer å gå av med tidleg pensjon.

Dette reiser viktige spørsmål om pensjon og arbeidslivet, spesielt i lys av samfunnsdebatten som oppfordrar til lengre yrkesaktivitet. Eldre arbeidstakarar har verdifull erfaring og kompetanse. Ein  OECD-rapport peikar på at ein balansert aldersfordeling vil gi auka produktivitet og kontinuitet på arbeidsplassen.

Kontinuiteten som eldre arbeidstakarar tilbyr, kan vere uvurderleg for å oppretthalde og overføre erfaring og innsikt som arbeidstakarane tileignar seg over tid,  og som er spesifikk for bedrifta eller organisasjonen dei arbeider i. Det er likevel viktig å balansere behovet for kontinuitet med behovet for innovasjon og fornying, og dette krev ein bevisst innsats for å skape eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø som verdset alle generasjonar.

Å peike ut eldre arbeidstakarar som kandidatar for naturleg avgang kan skape uheldige haldningar blant arbeidsgivarar, stigmatisere denne gruppa og redusere deira moglegheiter for å oppretthalde eit aktiv og verdifullt arbeidsliv. Det påverkar motivasjon og tryggleik, og det er viktig å hugse at mangfald og inkludering bør gjelde for alle aldersgrupper.

Politikarar og arbeidsgivarar bør reflektere over korleis dei kan skape ein meir inkluderande arbeidskultur. Dette inneber å legge til rette for fleksible arbeidsløysingar, kontinuerleg kompetanseutvikling og tilpassing av arbeidsoppgåver. Ved å fokusere på individuelle kvalifikasjonar uavhengig av alder, kan vi skape ein arbeidsplasskultur som verdset mangfald og erfaring.

I Møre og Romsdal fylkeskommune  er det viktig å finne ein balanse mellom å oppretthalde naudsynt administrasjon og samtidig ta omsyn til eldre arbeidstakar sine ønskje om pensjon. Dette bør vere ei påminning til alle arbeidsgivarar om å sjå verdien av erfarne arbeidstakarar og legge til rette for ein inkluderande arbeidskultur.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal