Uttale frå årsmøtet i Molde SV

Forslag frå Molde SV:

1. Molde kommunestyre støttar at det blir gjennomført ei utgreiing av grensejustering mellom Molde og Aukra, slik som det er foreslått i søknaden.

Med om lag tusen underskrifter i ryggen ba folk i Midsund om å få ha folkeavstemming om dei skulle få vere eigen kommune. Fleirtalet i Molde kommunestyre avslo at folket skulle bli høyrt på demokratisk vis.

Vi legg vekt på at dei politiske partia i Midsund gjekk til val på at dei ikkje skulle slå seg i hop med Molde. Så blei Midsund kommune sitt førsteval, å gå til Aukra, avslått av Aukra.

Vi legg spesielt vekt på at no har Aukra kommune einstemmig vedtatt at dei vil slå seg i hop med gamle Midsund.

Kommunereformen utasunds i Romsdal er allereie i spel, då Haram kommune er gjenoppstått. Det fører til at Ålesund kommune no er åleine ytst på Romsdalskysten, då gamle Sandøy kommune ligg under Ålesund.

Utasund kommune i øyriket Romsdal, med Sandøy, Midsund og Aukra, er i høgste grad ein mogleg realitet, og vil bli styrka av ei grensjustering og gje kysten vår ein ny giv.

Gamle Nesset kommune har, innanfor Molde kommune, fått eit kommunedelsutval for å handsame lokale saker. Vi ser det samme behovet i Midsund, men her kan løysinga være grensejustering.

Under dansketida var Midsund Sør-Akerø og Aukra Nord-Akerø i ein kommune. Det er fullt mogleg å få til igjen. Danskane fekk til det kommunereforma ikkje klarte. No er det opp til folkestyret i Romsdal og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal å ta tak.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal