Helsearbeidarar spring raskare og raskare for å rekke over arbeidsoppgåvene sine, og vi slit med å skaffe nok helsearbeidarar. Kompetanse hos helsepersonell er viktig for å oppdage og forebygge sjukdom og lidingar. Men korleis skal dei kunne bruke kompetansen sin dersom tida ikkje strekk til?

Eldre opplever einsemd

Mange av dei eldre som treng hjelp føler seg einsame. For nokre er helsearbeidarane som kjem frå heimetjenesta dei einaste dei har kontakt med. Forskning viser at dersom menneske har gode relasjonar og gode nettverk, held dei seg friske lenger. Derfor er det viktig med gode relasjonar – og for å oppnå det trengst det tid.

Bekymringar og sårbarheit

Det kan vere krevjande å komme dit at ein blir avhengig av hjelp frå andre. Ein blir med eitt meir sårbar. Det er behov for å vere trygg, ha ein forutsigbar kvardag og omsorg. Fleire vil kjenne seg til bry. Ville du ha ønska å fortelje korleis du har det, og vist kor sårbar du er til nokon du veit har det for travelt og dermed har for lite tid til å lytte til deg og behova dine?

Pårørande har naturleg nok mange bekymringar og spørsmål. Dei er óg ofte slitne, og nokre er i krise. Det må også vere tid til å ta vare på dei. Dei er viktige støttespelarar både til dei eldre og helsearbeidarane. Dei treng god informasjon, samtalar, avlasting og empati.

Viktig med tryggheit, omsorg og støtte

Det er ikkje uvanleg at eldre prøver å forte seg under stell, da dei veit at det er mange som ventar. Dei ønskjer ikkje å vere til bry eller  vere «kravstore». Er ein kravstor dersom ein ønsker hjelp til noko som tek tid? Overhodet ikkje. Dette er ein del av helsehjelpa tjenestemottakarane har rett på. Dei eldre fortjener ei fullverdig tjeneste som består av bl.a. tryggheit, omsorg, og å bli sett og få støtte.

Tid er viktig

Det må også vere tid til ei hand å halde i når livet blir tøft. Dei aller fleste helsearbeidarar ønskjer å gje dette dersom dei har nok tid. Det er også viktig å ha sjanse til å sette seg ned sammen og ha ein god samtale som går litt djupare enn å snakke om det praktisk stellet og vèret. Eit menneske har både fysiske, psykiske, sosiale og åndelege behov. Det er nødvendig å ta seg tid om ein skal bli kjent med den enkelte og deira historie. Kun då kan ein byggje tillit og tryggleik. Alle hjelpetrengande har rett til å føle seg trygge! Derfor; tid er viktig!

Hardt arbeid kvar dag

På eit tidspunkt i livet kjem vi til å sette beina i ein sjukeheimskorridor. Anten sjølv, som tilsett eller som pårørande til eit kjært familiemedlem som skal tilbringe den siste delen av livet der. Korleis ønskjer vi då å bli møtt og ivaretatt? Korleis bør omsorg og tryggheit bli gitt for dei som er sårbare og treng det mest?

Aukra KrF ønskjer at dei som blir eldre og/eller sjuke samt dei pårørande i Aukra kommune skal oppleve at dei blir tatt godt vare på både på Aukra Omsorgssenter, ved heildøgns omsorgsbustadene, og dei som tek imot hjelp frå heimetjenesta. Applausen som vart gitt under covid-19 har stilna. Men den enkelte helsearbeidaren jobbar fortsatt hardt kvar dag i teneste for dei hjelpetrengande i kommunen vår.

Tilstrekkeleg bemanning og offensiv rekruttering

Aukra KrF vil løfte fram helsearbeidarane våre. Vi ønskjer å jobbe for ei fortsatt tilstrekkelg bemanning i eldreomsorga og ikkje minst leggje tilrette for eit enda meir offensivt fokus på rekruttering. Ei bemanning som har tid til dei eldre, og kor dei eldre opplever helsearbeidarar som har tid til dei. Dette treng vi å ha ekstra fokus på i ei tid kor det vert stadig sterkare krav om meir effektivitet. Færre hender i eldreomsorga er uaktuelt for Aukra KrF. Brukarundersøkinga som vart foretatt for ei tid tilbake viser at det faktisk er behov for fleire hender, ikkje minst med tanke på å få til fleire aktivitetstilbod for dei eldre. Dette er óg eit av dei sentrale elementa i helsereforma «Leve heile livet».

Tid til å gje gode tenester

Mange helsearbeidarar har forlatt eldreomsorga dei siste åra, dette ofte i takt med aukande arbeidsmengde og stress. Mange ønskjer seg meir tid til å gjere jobben sin. På den måten kan eldre få tid til å bli sett og hørt som det unike mennesket det er.

Det blir stadig fleire eldre i Aukra kommune. Vi har ikkje råd til å miste fleire av dei hardtarbeidande helsearbeidarane våre. Dei eldre fortjener helsearbeidarar som har tid til å gje gode tjenester, og helsearbeidarane våre fortjener meir tid og mindre stress i den jobben dei gjer for våre eldre!

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal