Det varte heller ikkje lenge før vi snakka om skuletida.

– Huskar du da vi spelte inn film? sa han. Det var så artig! Så mykje anna frå skuletida huskar eg ikkje no, men dette gløymer eg ikkje!

Eg trur mange har liknande opplevingar frå skuletida. Da vi tok steget ut av klasserommet og fann på noko anna. Der mykje av initiativet og regien var hos elevane, der elevane var sjølvgåande og kreative og ivrige etter å få eit godt resultat.

Det er sjølvsagt mykje bra med den norske skulepolitikken.  Likevel ser vi at langt frå alle finn seg til rette i grunnskulen. Skulevegring og drop-outs aukar på, tendensen er urovekkande! I skulen har alle krav på individuelt tilpassa opplæring. Kvifor greier da ikkje skulen å få med seg alle?

MDG meiner at skulen har fått eit for teoretisk innhald, og at dei praktiske og estetiske faga gjennom ei årrekke har vorte marginaliserte og kome i skuggen. Saman med eit strengt testregime der elevane stadig blir sett under press for å vise kva dei kan, er det det som enkelt kan målast som blir prioritert. (ein kan ikkje måle musikk eller estetikk) - Får du rette svar i matte, kor fort les du, gjer greie for ditt, gjer greie for datt! Dette gjer at elevar med andre interesser enn teori og problemstillingar, dei som heller likar å skape ting med hendene, dei som er opptekne av kunst og musikk, dei som heller likar å mekke sykkel og bil, eller som likar å få planter til å gro og vekse -  ikkje får vist kva kunnskap og ferdigheter dei har. Desse elevane har og verdifulle interesser og ferdigheter som kan vidareutviklast og som samfunnet har bruk for!

Norsk skule er tufta på fem grunnleggande «søyler»: å kunne lese, skrive, rekne, ha munnlege ferdigheter, ha digitale ferdigheter. Her meiner MDG at praktiske ferdigheter må inn som eit sjette punkt! Saman med at lærarane får tilbod om etterutdanning i praktisk/estetiske fag og i tillegg får høve til å bruke mindre tid til testing og rapportskriving, ville det utløyse ei heilt anna prioritering, fordi desse faga da ville bli integrerte i arbeidsmåtane i teorifaga. I tillegg ville dei ha sin eigenverdi som eigne fag.

Så la elevane få uttrykke seg meir gjennom kunst og musikk, la dei få lære handverk - snekre, smi, male, sy, og la dei få lære å dyrke sin eigen mat i skulehagane! Her stoppar ikkje lista, det må vere opp til kvart enkelt skulemiljø! Lukk nettbrettet og lærebøkene oftare og bruk naturen som klasserom og inspirasjon, i skog, på fjell, ved sjø! Hustadvika har alt dette!  MDG Hustadvika meiner at det i sin tur ville gagne alle elevar i skulen, både fagleg og sosialt. Ikkje minst meiner vi at fleire elevar også her i kommunen ville finne noko dei likar i skulen, og som ville gje grunnlag for at dei kan trivast og utvikle sine evner der.

Jon Ivar Bøe

3. kandidat for MDG Hustadvika

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal