Det er trygt og godt å sjå at Vegvesenet i si utgreiing mot NTP 2025-2036 har vurdert og sett at omklassifisering av vegforbindelsen som Riksveg til samfunnskritiske funksjonar som Nyhamna på Gossen er riktig å vurdera opp mot ny NTP.

Når vi ser kor verdensbildet det siste året har endra seg, og Europas skrikande behov for meir gass, er Nyhamna ein viktig og avgjerande faktor i dette. Det må sikrast at samfunnskritiske funksjonar har egna og trygge vegforbindelsar, og da må det vurderast om dette må vera ei statleg oppgåve. Slik det no er må Fylkesvegen til Nyhamna dekkjast av fylkeskommunen. Er det da riktig at fylkeskommunen blir pålagt kostnader til sikring og utbedring frå nasjonale behov skriv Vegvesenet.

Det er ikkje vanskeleg å seie seg einig i dette. I tillegg er det vel slik at ein i mellomtida må tenke slik også opp mot fergetilbodet som no er oppe til vurdering. Med tanke på beredskapen både opp mot Nyhamna og tilbodet til bedriftene våre kan vi da ikkje godta å redusere fergeavgangene slik det no er fare for!

Gassco si utgreiing viser at Barentsgassen kan styrke levetida for anlegget på Nyhamna dersom det blir lagt rør frå Barentshavet og ned til Polarledrøret til Nyhamna. Dersom dette blir fullførd vil dette og vera med å sikre prosjektet Aukra Hydrogen HUB og ein fullskala hydrogenfabrikk på Gossen med mogleg oppstart i 2025.

I helga skal eg vera med å markera 50-årsjubileet til Vikenco / opning av ny fabrikk i Aukra. Det er eventyrleg at eigarane her har valgt å satse i vår kommune. Vi er heldige som har lokale eigarar som saman med Salmar har skjønt kor viktig dette er for vårt lokalsamfunn, med ca 270 arbeidsplassar pr dags dato. Dei ser for seg opptil 400 arbeidsplassar her når det nye lakseslakteriet blir teke i bruk og mellom anna laksen frå Salmon Evolution skal slaktast der.

For Vikenco og dei andre bedriftene og kommunen sjølv, er fergetilbodet livsnerven som er open nokre få minutt kvar time. Då seier det seg sjølv at vi må stå på og sørge for at midlane til NTP 2025-2036 må aukast slik at Møreaksen/Kjerringsundet kan startast opp i 2025.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal