Når eit frisinna parti, som Venstre ønskjer å stå fram med eit næringsforbod er det både ufritt og ufint. Både mot næringa og mot samfunnet. Dei som har levd av pelsdyroppdrett gjennoim generasjonar og det samfunnet som taper og taper stort på denne nedlegginga, som Venstre er meister for.

Når eg no  tek opp dette er det fordi regjeringa Solberg ikkje klarte å gjere opp for seg, men i staden overlet å betale ut erstatninga for nedlegginga  til sine etterkomarar.

Manglande erstatning har skapt store økonomiske vanskar for dei som i mange år har venta forgjeves på den erstatning dei etter grunnlova har krav på

Eg har ei fortid som pelsdyroppdsrettar og kan slik meine noko om betydninga denne næringa har hatt i samfunnet vårt dei siste 100 åra

Midt på 1950 talet var pelsdyrnæringa i mange bygder ein viktig del av næringsgrunnlaget i landbruket. I mi heimbygd var det fleire som dreiv med pelsdyroppdrett. Dette ga positive ringverknader. Då eg vart konfirmert i 1955 kjøpte eg mink for pengane eg fekk til konfirmasjonen, bygde skur og skaffa det utstyret som trongs for å drive med pelsdyr

Generasjonen før meg. Far min var bygdeslaktar og hadde sjølv hatt rev. Far var til god hjelp både med erfaring med pelsdyrdrift og med å skaffe slaktavfall, som var ein viktig del av foret.

Vevang er frå gamalt av eit fiskevær og det var på 1950-talet framleis lett å få kjøpt både fisk og fiskeavskjer som var den viktigaste delen av pelsdyrforet.

Med avbrot for skulegang dreiv eg tilsaman med perlsdyroppdrett i meir enn 20 år. Eg har opplevd at skinnprisane varierte til dels stort på verdsmarknaden, Vi var slik stekt konjukturavhengig då alle skinna vart omsett på skinnausjonar, der alt vart  eksportert til utlandet. Dette ga gode valutainntekter til Norge for ein produksjon som,  berre baserer seg på avfallprodukt frå fiskeindustri og slakteavfall frå landbruket, som elles ikkje ville kome til nokon nytte. Det var slik ei berekraftig næring som i høgste grad var bygd etter berekraftprinsippet.

Pelsbruken Ein nyttar pels helst i den kalde årstid for å kle kulden ute. Å halde seg varm og ikkje fryse må kunne seiast å vere berekraftig, i den store samanheng. Det gjev ingen grunn til å forby næringsdrift av pelsdyroppdrett. Det var etter mi meining ei stor politisk tabbe å vedta næringsforbodet mot pelsdyr.

Det kostar meir enn det smakar! For meg ser det også ut for at regjeringa har gløymt å ta med dei som vert arbeidslaus i Pelsdyrorganisasjonene og pelsdyrtiltak på landsbasis som er vorte arbeidslause etter denne Venstresigeren.

Når Venstre no politisk går i spissen for ei høyring og evaluering av regjeringa si handsaming av Koronarestriksjonane vil eg utfordre partiet Venstre om også å ta med ei evaluering av Pelsdyrforbodet?

Kolbjørn Gaustad

Tidlegare pelsdyroppdrettar utan erstatningskrav.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal